Sjøfart

sjøfolk, fartøyvern, kvalfangst

sjøfolk

Høyr alle intervjuene om sjøfart

Kvalfangere

Sjøfolk fra Innlandet

Fartøyvern

Nytt prosjekt 2022

Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening

Sidan hausten 2015 har Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening samarbeidd om å samla inn, dokumentera og arkivera lange livshistorieintervju med sjøfolk og andre som er eller har vore knytta til norsk sjøfart. Prosjektleiar for Memoar er Bjørn Enes. Ta kontakt for forteljerpanel, intervju og arrangement. Intervjue blir lagra av Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum. I starten vart alle intervjuopptak gjort som forteljerpanel med publikum i museet. Innsamla materiale blir avlevert til Norsk etnologisk gransking for langtidslagring på minner.no. På nettsida minner.no kan du skrive inn dine minner om sjøfart. 

PUBLISERTE INTERVJU  

Forteljarpanel

på minnenes hav, april 2022 (les meir)

30. april 2022 gjennomførte Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum eit arrangement der vi sette fokus på Statsraad Lehmkuhl  Hovuddelen avv programmet var eit forteljarpanel der både tidligare skuleskipsgutar og nyare medseglarar delte minne. Samtale vart leia av Bjørn Enes. 

Deltakarane i panelet var

Ingvald Ådland - skuleskipsgut i 1952, sjømann fram til 1960 - og medseglar på fleire Shetlandsturar i seinare år. 

Arne Kåstad - skuleskipsgut i 1952, sjømann fram til  - og flittig medseglar i seinare år med over 170 overnattingar i hengekøye. 

Anders Dirdal - skuleskipsgut i 1970, sjømann fram til 1982 - og seinare medseglar. 

Helene Wilgohs -  medseglar i 2002 og kvart einaste år etter det (med unntak berre av sommaren 2018 og 2020). I tillegg har ho vore aktiv frivillig under åpent skip-arrangement og Tall Ships Race både i Norge, Spania, Portugal og Nord-Irland. 

Ann-Kristin Bjerknes   medseglar i 2004: Ho mista far sin tidleg. Han var sjømann og hadde vore skuleskipsgut på Lemkuhl. Hennar reise vart ein måte å minnast han på. 

Birger Berge - medseglar under Statsraadens sommartokt i 2021, den som vart send som langsamTV på NRK. 

Samtalen blei styrt av Bjørn Enes, prosjektleiar for Memoar og Sjøfartsmuseets si innsamling av munnleg sjøfartshistorie. (tidlegare medseglar på fullriggaren Sørlandet)  . 

Arrangementet hadde også ein quiz, fine premiar og litt å bite i. I tillegg viste muséet film frå då Statsraaden var skuleskip og kryssa Atlanterhavet. Det var også open mikrofon der dei som ynskte kunne dele minner frå Statsraaden.


cruisefart, mai 2019 (les meir)

Søndag 12. mai 2019  møttest fem veteranar frå norsk og internasjonal cruisefart til samtale om denne delen av nyare sjøfartshistorie.  Dei var alle tidlegare intervjua i serien som Bergens Sjøfartsmuseum, Bergens Skipperforening og Memoar arbeider med for å samle munnleg kjeldemateriale om nyare sjøfartshistorie. Samtaleleiar var Bjørn Enes frå Memoar.

Dei fem var:

- Arnhild Vada Eggum, purser, fartstid bl.a. frå Hurtigruten  

- Sigurd Skagen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå Den norske amerikalinje 

- Per Gustav Steimler, sjøkaptein, fartstid frå bl.a. "Lindblad Explorer"

- Halle Thon Gundersen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå SS "Norway" 

- Helge Brudvik, sjøkaptein, fartstid frå Royal Vikiing Line og Crystal Cruises .

Kvinner til sjøs, mai 2018 (les meir)

I forkant av arrangementet skreiv Bergen Sjøfartsmuseum på si Facebookside

Hør den spennende historien om da kvinnene inntok skipsfarten for alvor. Norsk skipsfart som arbeidssted har tradisjonelt vært dominert av menn. Men spesielt fra og med 1960-årene har flere kvinner tatt arbeid til sjøs. I samarbeid med MEMOAR og Bjørn Enes inviterer vi til fortellerpanel der kvinnelige sjøfolk selv forteller om hvordan det var å dra til sjøs. 

De tre er:

Ingebjørg Sæther tok telegrafistskolen i 1963 - før hun hadde satt sine bein ombord i et handelsskip. Hun seilte utenriks i "gullalderen" og gikk i land i 1973. 

Arnhild Vada Eggum begynte som salongpike i 1970, tok telegrafistskolen og seilte først i utenriksfart, så på oljerigger og plattformer. Da ingen hadde bruk for telegrafister lenger, gikk hun over i arbeid som purser på Hurtigruten

Kjersti Selvik Wengshoel startet som vaskedame på ferjen mellom Forsand, Lauvvik og Oanes i 1990. Hun "glei over" i dekksarbeid etter hvert, og etter ti år på ferje ble hun med i ei gruppe som tok styrmannsskolen i Stavanger. Wengshoel begynte å seile som styrmann fra 2002 - og avanserte til kaptein før ho sa farvel til ferjene og dro ut på storhavet. Hun har seilt som styrmann og overstyrmann i supplyflåten fram til krisen i 2015 - da ble hun arbeidsløs for første gang. Men bare i et halvt år - så sto hun på broa igjen denne gangen på Hurtigruten. 

Bjørn Enes fra MEMOAR vil være ordstyrer. 

Tre strålande forteljarar - med svært allsidige erfaringar

Det beste frammøtet til no i serien av munnleg sjøfartshistorie 

Etter gullalderen, oktober 2017 (les meir)

I siste halvdel av 1960-åra tok sysselsetjinga i sjøfarten til å minka. Rasjonalisering var blitt eit ny-ord. Tid og pengar var blitt det grunnleggjande reknestykket. Snart kom oppfinningane på rekke og rad som gjorde arbeid og drift meir effektivt: Europpallar, containerar, ro-ro-skip, automatisering i maskinrommet, baugthrustar og nye navigasjons- og sikkerheitssystem – for ikkje å snakka om jarnkua og alt som fylgde i stuerten sitt ansvarsområde.

Omlag på same tid tok det norske lønsnivået att canadarane og amerikanarane. Utflagging vart ein måte å spara store pengar på for reiarane. Og så tok «gullalderen» slutt.

Men sjøfartshistoria tok ikkje slutt. Tvert om: Med gode grunnar spør mange seg om korleis Noreg ville ha sett ut i dag, om ikkje sjøfolka sine kompetansar og tradisjonar hadde blitt «frigjort» og tilgjengelege for andre verksemder enn handelsflåten.

Sundag 29. oktober 2017  fortalde fire veteranar om sine sjøfartsliv etter gullalderen. Det hadde dei alt gjort tidlegare. Dei fire var: 

* Per Gustav Steimler  – styrmann i handelsflåten, gjekk over supplyfart i Nordsjaøen (kaptein frå i 1977). Seinare Maritim inspektør i Hydro – og etter det oljevernkonsulent.   Sjå intervju her

* Ragnar Nielsen - navigasjonsoffiser i Sjøforsvaret. Seinare gjekk han over i kommersiell og operativ drift og leiing av ulike norske reiarlag. Siste del av arbeidslivet bygde han opp og var leiar for ei norskeigd reiarorganisasjon i Singapore, parallellt med at han var leiar av  shipping aktiviteten i eit tidlegare norskeigd reiarlag i Thailand

* Egil Røstvær –  styrmann, gjekk over i skipskonstruksjon, deretter tekniske sikkerhetssystemer  og kvalitets- og HMS ledelse i petroleumssektoren.

* Tom Grasbakken  – kaptein, gjekk over i berging. Seinare tok han del i  ulike forsøk på hurtigbåtdrift, mellom anna  internasjonale oppdrag med utanblandske mannskap. Han var krigseglar under Iran-Irakkrigen.    Sjå intervju her

Gullalderen, mars 2017 (les meir)

Søndag den 26. mars 2017 lanserte Memoar formidlingsforma "forteljrpanel". Den gjekk fyrstegong ut på at seks personar som tidligare var blitt djupintervjua, sat i eit «forteljarpanel» for å dela historier med kvarandre og med publikum.

Dei seks forteljarane var::

Samtaleleder blir Bjørn Enes fra Memoar. Det er også han som har gjennomført intervjuene.