Startside

Samarbeid om langtidslagring:

Prosjekt "Sjøfartsminne" skal samarbeida med 19 andre intervjuinnsamlingar  i tre år frå¨januar 2019. Målet er å utvikla eit felles  arkiv for munnleg historie. Fyrsteversjonen av dette arkivet heiter Minner.no . Samarbeidet kan fylgjast i ei prosjektdagbok  på sidene til Norsk Folkemuseum. 
Dette er ei side for munnleg historie (oral history) om norsk sjøfart.
Sidan hausen 2015 har Memoar – norsk orgtanisasjon for munnleg historie, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening samarbeidd om å samla inn, dokumentera og arkivera lange livshistorieintervju med sjøfolk og andre som er eller har vore knytta til norsk sjøfart. Når forteljarane er villige til å dela sine intervju også med samtida, vert dei publiserte her (sjå forteljarane). Elles vert dei lagra av Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum, og når eit norsk offentleg arkiv er klar til å ta imot munnleg kjeldemateriale i form av dokumentert video, vil materialet bli avlevert der.

Bli med!
I oktober 2015 starta innsamlinga av munnleg sjøfartshistorie på Vestlandet. Det vart tidleg eit sam-arbeid mellom Memoar, Bergens Skipperforening og Bergens Sjøfartsmuseum. I starten vart alle intervjuopptak gjort med publikum i museet. 

Frå desember 2016 har me flytt intervjuopptaka til studio i Bergen offentlege bibliotek. I staden samlar me fleire forteljarar som alt har blitt intervjua i studio, til panelsamtalar i museet to gonger i året: 

Mars 2017: Gullalderen

Hausten 2017: Etter "Gullalderen"  
2017-10-29: Etter gullalderen
Mai 2018: Kvinner til sjøs

Neste gong: 

Utstillingsutvikling: 
Norsk Martimt Museum har laga det interaktive spelet "Sjøens motorveg" der opp til fire personar kan konkurrera om å vera den beste skipsreiaren.  Installasjonen er no vurdert  i Norsk Museums-tidsskrift nr 2/2018 (open access)



Fortel om ditt sjøfartsliv!
  
Har du vore til sjøs? I handelsflåten, på fiske, på borerigg - eller på plattform for den del, på passasjerskip eller taubåt - supply - kva som helst?  
  
Då har du unike livserfaringar med alle dei endringane som har vore i sjøfarten i nyare tid: I teknologi, organisasjon, kultur - kort sagt i korleis det har vore og er å leva som sjømann.     
   
Eller -kvinne. Eller pårørande til ein eller ei som er på havet. Uansett: Historia di er viktig. Me synest du skal dela di livserfaring med samtid og ettertid. Les her om korleis     

Sjå intervju som andre har delt under Forteljarane

Sist publiserte intervju - 2018:

  • Kjersti Selvik Wengshoel Kjersti Selvik Wengshoel begynte i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990, som vaskedame på ferja som den gongen gjekk mellom Lauvvik, Forsand og Oanes. Etterkvart løyste ho meir og meir av på ...
    Lagt inn 6. mai 2018, 00:40 av Bjørn Enes
  • Arnhild Vada Eggum Fyrste sommarjobben til Arnhild Vada Eggum var på Hurtigruten. Ho tok gymnaset, og forsøkte seg eit år på hotell på Sunndalsøra. Men det var kjedelig. Ho ville til sjøs att ...
    Lagt inn 3. mai 2018, 06:56 av Bjørn Enes
  • Ingebjørg Sæther Ingebjørg Sæther vart fødd i Sauda, og sjølv om store deler av oppveksten var i Vegårshei, var ho med familien attende til Sauda kvar einaste sommar. Det var også dit ...
    Lagt inn 30. apr. 2018, 00:43 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 3 av 3. Vis mer »

2017:

  • Ernst Reiten Skage Ernst Reiten Skage ble født av norsk mor og tysk far i 1944 og vokste opp hos besteforeldrene på et småbruk i Kvikne, helt nord i Hedmark. Her fikk han ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:38 av Bjørn Enes
  • Per Gustav Steimler - Del 2 I oktober 2015 fortalde Per Gustav Steimler om sitt liv i handelsflåten, frå fyrstereisa i 1962 til han gjekk over til forsyningsskip i Nordsjøen i 1976.  I dette opptaket frå ...
    Lagt inn 23. okt. 2018, 00:02 av Bjørn Enes
  • Bjørn Henning Stockmann 37 år gamle Bjørn Henning Stockmann er ikke helt sikker på hvorfor det ble sjøen for hans del. Men han tok i alle fall Bergen maritime skole etter ungdomsskolen og ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:10 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 3 av 7. Vis mer »
Sjå  
fleire under Forteljarane