2015

Sjå intervju publisert i 2015 - 2016 - 20172018 

Publisert i 2015:

  • Håkon Drange Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før ...
    Lagt inn 24. apr. 2018, 09:38 av Bjørn Enes
  • Per Gustav Steimler - Del 1 http://sjofart.memoar.no/2015/pergustavsteimler-del1Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta ...
    Lagt inn 23. okt. 2018, 00:20 av Bjørn Enes
  • Audun Trygve Olsen Audun Trygve Olsen er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:29 av Bjørn Enes
  • Bjørn Haave Bjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn. Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for ...
    Lagt inn 3. mai 2018, 09:28 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 4 av 4. Vis mer »

Håkon Drange

lagt inn 24. apr. 2018, 09:38 av Bjørn Enes

Håkon Drange var 16 år då krigen slutta. Det var vekebladet "Skib O' Hoi" som planta lysta til sjølivet i han. Men han måtte vente til han var 18 før han kom ut. I mai 1947 mønstra han på damptankaren "Tiger" som då låg i dokk i Fredrikstad for å lappe kulehol frå krigen og byggast om frå kolfyr til oljefyrt kjele. Så gjekk det ikkje betre enn at oljetanken eksploderte - og fyrstereisa begynte med tre månader i dokk på Akers Mekaniske - dokka finst enno, som småbåthamn på Aker Brygge....

Det er litt mykje bakgrunnslyd på dette minneopptaket - Håkon Drange melde seg spontant til å fortelje etter den "offisielle delen" av eit minneopptak med publikum på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015. Det er dette publikumet me høyrer i bakgrunnen på opptaket.

Direkte adresse til denne sida er:http://Haakon.Drange.memoar.no/

Håkon Drange fortel om:


  • Kvifor han vart sjømann

    Håkon Drange

  • Fyrstereisa mai 1947 - våren 1948

  • Mosquitofarten på Aruba (nederlandske Antiller)

  • Sjømannskyrkja der

  • Mannskapsutskifting

  • Aircondition / standard ombord

  • Turen heimover

  • Korleis han vart stuert

  • Krigsseglaren "Stillehavbets skrekk"

  • Bryllupp og familieliv

  • Rasjonaliseringane på 60- og tidleg 70tal

  • Båtane D/T "Tiger", MS "Risanger", MS "Høyanger".

  • Og litt om 23 år som terminalarbeidar på skur 22 på Dokkeskjerskaien  


Meir sjøfart:  Sjofart.Memoar.no

Per Gustav Steimler - Del 1

lagt inn 24. apr. 2018, 09:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. okt. 2018, 00:20 ]

Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.  

Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade. 

Intervjuar var Bjørn Enes.

Direkte adresse til denne sida er sjofart.memoar.no/2015/pergustavsteimler-del1



Kort fortald handla intervjuet om: 

  • Kvofor han valde sjøen

    Per Gustav Steimler

  • Fyrstereisa med MS Estrella i linjefart på SørAmerika. 
  • Miljøet ombord, 
  • Krigsseglarane
  • Rio, Santos og Buenos Aires  
  • Om å kome heim. 
  • Passasjer- og cruisefart 
  • Bulk og linjefart 
  • Rasjonalseringane på 70-talet 
  • Statusen til sjømannsyrket. 






Meir av Per Gustav Steimler: 

Del 2 - tida etter handelsflåten - sjå Sjofart.memoar.no/2017/pergustavsteimler-del2



Per Gustav Steimler - Del 2


Audun Trygve Olsen

lagt inn 24. apr. 2018, 09:20 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. apr. 2018, 00:29 ]

Audun Trygve Olsen
er pensjonert sjømann. Han reiste ut fyrste gong som dekksgut i 1967. Han var då 18 år gamal, båten heitte MT"Vinga" - ein solventtankar frå Mowinkel rederi i Bergen. 

I opptaket som vart gjort med han på Bergen Sjøfartsmuseum den 18/10-2015, skryt ikkje akkurat av fyrstereisa: Etter litt fram og attende langs Italiakysten bar det over til Mexicogulfen der han stort sett opplevde "grøftehol på amerikansk strilaland".

Audun Olsen er ein så god forteljar, at dei 45 minutta som var avsett under arrangementet på museet røyk før me kom inn på livet hans etter styrmannskulen (1992). Det er difor sannsynleg at han vil fylgje opp med eit opptak til i løpet av vinteren 2015-16. 

Intervjuar i opptaket er Bjørn Enes frå Memoar. 


Direkte adresse til denne sida er http://Audun.Olsen.memoar.no/


Embed gadget


Forteljinga handlar om:

- Kvifor han valde sjølivet

- Fyrstereis 1967

- Mexicogulfen

- Telegrafistskulen

- Havneliv (kort)

- Japan

- Havneliv (2) (endå kortare)

- Endringane (etter Exxon Valdez)

- Pensjonistlivet





Meir sjøfart:  Sjofart.Memoar.no

Bjørn Haave

lagt inn 24. apr. 2018, 09:16 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. mai 2018, 09:28 ]


Bjørn Haave er sjømann fra Tønsberg. Faren og flere i familien var hvalfangere, men det frista ikke unge Bjørn. Alt da han var ti år gamal bestemte han seg for å dra til sjøs - og sommeren 1964 ble det alvor. Første reis var 18 månader. Han kom på som messegut, men "avanserte" til dekksgut før turen var slutt. 

Den 8/10-2015 fortalte Bjørn Haave fra sjømannslivet sitt i et opptak med Bjørn Enes. Opptaket er en time og 35 minutt langt, og inneholder fortellinger og refleksjoner fra hele yrkeslivet fram til pensjonsalder i 2010. Blant stikkorda i opptaket er; 

Opttaket blei gjort i Moss Sjømannsforening sitt lokale den 8. oktober 2015. Intervjuar var Bjørn Enes. 


Innhold / mellomtitler i Bjørn Haaves fortelling:

  • Førstereis 1964
  • Dekksgutt
  • Jungmann

    Minneopptak med Bjørn Haave

  • Styrmannskolen

  • Amazonas

  • Rep'ens stup
  • Trinidad
  • Lønnsnivå 1970
  • Mongo River
  • Østen
  • Krigen i Øst-Pakistan
  • Mobbing i Calcutta
  • Containerrevolusjonen
  • Stykkgods og linjefart
  • Jorda rundt-service
  • Gasstankerfart
  • Fra pall til container 1960-1980
  • Nybygg - superintendent i Nagasaki
  • Skipperskole
  • Jamaica Merchant Marine
  • Georgetown, Cayman Island
  • MidtØsten
  • Iran-Irak-krigen
  • Refleksjon om endringer 1964 - 2015
  • Organisasjonsarbeide fra 1993
  • Sikkerhet til sjøs  


1-4 of 4