2015‎ > ‎

Per Gustav Steimler - Del 1

lagt inn 24. apr. 2018, 09:35 av Bjørn Enes   [ oppdatert 9. apr. 2019, 05:01 ]
Per Gustav Steimler reiste ut alt som 15-åring, i sommarjobb på Hurtigruten, året etter,  juni 1962 reiste han for godt. Han skofta dei tre siste dagane av ungdomsskulen for å kome med MS "Estrella" (10.000 tdw) som gjekk i linjetrafikk for Bergenske Dampskipsselskap på SørAmerika. Fyrste turen hans var 22 mnd lang - han rakk å gå gradene frå dekksgutt via jungmann til lettmatros før han kom heim på tre vekers ferie våren 1964. Neste tur vart 14 mnd lang - og då hadde han akkurat fartstid nok til å begynne på Styrmannsskolen, berre 19 år gammal. I dag er han pensjonist på papiret - men i praksis skadestadsleiar og konsulent innan oljevern.   Kort fortald handla intervjuet om: Kvofor han valde sjøen,  Fyrstereisa med MS Estrella i linjefart på SørAmerika,  Miljøet ombord, Krigsseglarane, Rio, Santos og Buenos Aires,  om å kome heim, passasjer- og cruisefart  bulk og linjefart , rasjonalseringane på 70-talet, statusen til sjømannsyrket, Minneopptaket med han vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum sundag 18. oktober 2015, med publikum til stade.  Intervjuar var Bjørn Enes.


Per Gustav Steimler


0:00Reise ut 1962 - men hadde hatt sommarjobbar på Hurtigruta før det
0:26Sjømannsfamilie - både far og farfar var kapteinar og morfar var maskinsjef
1:18På Hurtigruta som 15-åring. Damene kalte meg for "barnet" - Trudde livet til sjøs var sånn...
1:58BMV laga 9-klasse for å få lærlingar. Ville heller på sjøen. Fekk hyre - men fekk ikkje slutte på skulen
2:52Gjekk tre dagar før skulen var ferdig. Heil gjeng med gutar skulle mønstre i Fredrikstad
3:25"Herregud skal eg jobbe med dette her" - men eit åt etter...,
3:53Fyrste båt - Knaggeratt - MS "Estrella"
14:18Hierarkiet ombord - berre bysseguten var lågare av rang enn dekksguten
14:50Me var mange unggutar - seks sju stykker på 16 år
5:25Moderne båt - alle einmannslugarar
6:02Krigsseglarar: Me hadde ikkje evne til å setja oss inn i situasjonen
7:05Fyrste tur - ein tur heimom - "Du fortente sikkert ein blåveis"
7:40Miljøet var realt. Hierarkiet hadde me ingen problem med 4 messer
8:2012 passasjerar på SørAmerikalinja
8:38Dekksguten var lågast - handtlangar for dei andre
9:05Det var heile tida noko å strekka seg etter. Finare lugar etter som steig i gradene
9:35Ombord i ein båt må det vera diktatorisk.
10:20SørAmerika linja gjekk sørover med stykkgods og klippfisk, nordover att med kaffe, frukt, hudar, korn
11:04Alt gjekk med heisekran. Kaffi kom i segl, måtte stuast sekk for sekk
12:01Kavli ost i Buenos Aires. Sjauarane smurte seg i ansiktet med ost....
13:16Frå Ålesund måtte me luka på pga klippfisken
13:45Bunkra i Las Palmas - i land for fyrste gong.
15:08Rio - det var ganske spesielt å koma dit -
15:55Svensk sjømannskyrkje i Rio - eg såg Pele to gonger før nokon her visste kven han var.
16:50Santos - sjømannskyrkje på stranda. Lossa ikkje på søndagane
17:48Buenos Aires - ofte to veker i land. Kyrkja arrangerte turar - biffens hjemland
18:30Kinoar - ei heil gate full. Billeg biff - full middag for sju kroner. Til og med ein dekksgutt hadde råd
19:20Havneliv - ein politimann ville ha penger. Eg gav han ein karamell - han viste meg revolveren 
20:43Santos var greiere enn Rio - gatene med raude lys - dyrt å spandere på damene
21:55Nokre hadde faste damer - dei trudde damene berre gjekk med dei
22:20Fire timar overtid kvar dag på veg ned til SørAmerika. 4-8,
22:40tre vakter - 4-8, 8-12 og 12-4 - flott soloppganger. Rortørn og utkikk
24:06Fyrste båt 22 månader - kom heim gjekk alle kameratene på realskulen
24:50Gamle Venus - vikariat
25:14Styrmannskulen - 19 år gamal. Hadde 36 mnd fartstid - ferdig før eg var myndig
26:02Verdensmenn på Holbergstuen - Chateaubriand og Ginzano
27:50Etter Venus - tilbake på SørAmerkikalinja på MS "Cometa"
28:20Etter eit år fyrstestyrmannskule ferdig 1968. Marinen på
29:00Lindahl Explorer - cxruise på Antarktis og Seychellene - tre turar i isen
29:55Passasjerane var veldig spesielle - mange var medlemmer av Explorer's Club
31:15Med berre 100 passasjkerar blir det
31:30Eit år på Leda i Englandstrafikken - Bergenske hadde begynt å bygge Royal Viking
32:00Slutta cruise - ville læra meir om lasting som overstyrnmann.
32:37Så ble offshorelivet for fristande
32:55Containerrevolusjonen. Begynte så smått. Bulkbåter - lasteberekning var avansert
34:00Stabilitet og trim og lasting og lossing i ulike hamner. Overstyrmannen sine berekningar. Skipper til råds
Fordelane med hierarkiet var at dei øverste hadde gått alle gradene og kunne alt ombord.
35:20Rasjonaliseringane i 1970-åra. Estrella gjekk ned frå 43 mann til 20
35:50På 50- og 60-talet kunne du sjå på båtar kven som var norske
36:30Uttrykket "bruke penger som fulle sjøfolk"
37:20Forhistorier til uttrykket -
37:50Eg er stolt av å vera sjømann - synd yrket er øydelagt.
38:40Eit bergensrederi med 111 båtar utan ein einaste nordmann
Før kunne alle gutungar få sommarjobbar til sjøs - Det kunne vore mange arbeidsp0lassar enno
40:01Slutt
Comments