2016

Sjå intervju publisert i 2015 - 2016 - 20172018 

Publisert i 2016:

  • Sigurd Skagen Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han ...
    Lagt inn 27. apr. 2018, 22:33 av Bjørn Enes
  • Olav Vindedal Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til ...
    Lagt inn 27. apr. 2018, 22:29 av Bjørn Enes
  • Gustav Jørgen Myklebust Det mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:25 av Bjørn Enes
  • Ludvig Myrland I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:26 av Bjørn Enes
  • Paal "Pablo" Strand Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann ...
    Lagt inn 28. apr. 2018, 00:27 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 5 av 6. Vis mer »

Sigurd Skagen

lagt inn 27. apr. 2018, 22:33 av Bjørn Enes

Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. I Marinen sat  han på kontor - fjernskrivarkontor -  men fartstid det fekk han likevel, slik at han kunne begynne på styrmannsskulen etterpå. Sjølv om han var nyforlova strauk han til sjøs att etterpå for å samle pengar til skipperskulen. Etter eit år vart forleveden lei av å vente, og reiste etter: Dei gifta seg i sjømannskyrkja i Rotterdam. 
Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 
Han fortel spennande både om linjefart på Lake'ane og stykkgodsfart på Madagaskar, Reunion, Mauritius og Komorane. Og han fortel om utfordringane med å vere skipper. Mot slutten fortel han også litt om Bergens Skipperfeing, der han har vore i styret  i ein mannsalder. 
Intervjuar er Bjørn Enes. Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. 

Direkte adresse til denne sida er Sigurd.Skagen.Memoar.no

Sigurd Skagen




Tidskodar og stikkord til innhaldet:
(Tala er timar:Minutt:Sekund:Hundredlar frå start):

00:21:00 1953 – Fyrstereis på M/S «Taranger»
00:50:00 Interocean Line
01:04:00 1954 Marinen
02:46:00 Fjernskrivarkontoret
03:20:00 Om fjernskrivar
03:55:00 Kald krig og O-melding
05:10:00 Morse krev musikalitet
06:57:00 Vanlig å gå til sjøs
08:00:00 Sjøfolk i familien
09:54:00 Krigsseglarar
12:10:00 Interocean Line
13:10:00 «Taranger» - forhistorie i tysk Aust-Afrika
14:14:00 Passasjerar ombord
15:08:00 Mannskapet på «Taranger»
16:01:00 Usikker etter fyrste tur
17:18:00 Fekk fartstid frå Marinen
17:45:00 1956: Lettmatros MS «Falkanger»
18:37:00 County Line
19:11:00 Murmansk på 1950-tat
20:54:00 1957 – Styrmannskolen
22:30:00 Forlova

MS Lancelot
23:50:00 Fyrste barn
24:39:00
25:30:00 Bryllaupet
27:00:00 MS Lancelot
28:00:00 Mauritius
28:53:00 Skipperskulen
29:45:00 Lastelære
31:20:00 Laste- og losseplanar
31:45:00 Kopra
32:25:00 Sisal
33:00:00 Varmgang i lasta
34:08:00 Bilar
36:40:00 Lukelasting
37:40:00 Hamnearbeidarane
38:17:00 Skipperskulen
40:14:00 Fyrste skipperhyre MS «Tanafjord» 1965
40:36:00 MS «Bergensfjord»
42:10:00 MS «Foldenfjord»
42:20:00 MS «Oslofjord»
44:05:00 Norske Amerika Linje
47:14:00 Sluttattest i NAL
48:00:00 Passasjerklassar
48:30:00 Oslofjord forliste
48:10:00 Aust-Afrikalinja
50:00:00 Cruisefart
51:50:00 Captains Table
52:40:00 Julebåten
54:20:00 «Kongelige norske»
55:40:00 Overadministrert
56:17:00 Jernbanetorget 1
58:04:00 Sa opp i 1968
58:40:00 MS «Topdalsfjord» på Lake'ane
59:50:00 Slusane
01:02:13:00 Thousand islands
01:03:20:00 «Moneymaker Bridge»
01:04:20:00 Tankfart
01:05:20:00 Attende til Amerikalinjen 1972
01:06:40:00 Containerskip
01:07:00:00 MS «Lygnafjord»
01:07:15:00 Madagaskar
01:07:40:00 Staff Captain - «Vistafjord»
01:09:50:00 17 nasjonar ombord
01:10:45:00 200-300 mannskap
01:11:11:00 Om å vere skipper
01:14:20:00 Madagaskar
01:16:45:00 Brann i ammunisjonslast
01:17:15:00 Manjok
01:18:35:00 Lasting med småbåtar på Komorane
01:20:06:00 Mauritius og Reunion
01:23:30:00 Star Shipping
01:24:56:00 Container-revolusjonen
01:26:19:00 Indonesia og Japan
01:29:19:00 Tilbakeblikk
01:30:48:00 Om å vere sjømann




Olav Vindedal

lagt inn 27. apr. 2018, 22:29 av Bjørn Enes

Olav Vindedal sigla som telegrafist i fem år før han begynte på mannskapskontoret hos Hilmar Reksten i 1962. Der avanserte han etter kvart til personaldirektør. Han var med Reksten til topps, gjennom katastrofen i 1975 og fram til slutten. 

Dette opptaket er frå Bergens Sjøfartsmuseum 8. mai 2016. Han startar med å fortelje om krigen, som sette djupe spor i minnet hans, sjølv om han enno ikkje var blii fire år i april 1940. 16 år gamal fekk han fyrste kontakt med handelsflåten gjennom Samvirkelaget i Årdal. Dei konkurrerte hardt med den andre butikken i bygda om å levere til båtane som kom med oksid aluminiumsverket. I 1955 begynte han på Telegrafistskuleni Bergen, utan ein dags fartstid. Fyrste bår vart MS "Heina" (Mowinckels rederi) som gjekk i linjefart på Europa og USA. Han fortel om telegrafisten sitt arbeid og teknologi på 1950-talet - og om krigsseglarar han arbeidde saman med.

Videdal si tid som "ekte sjømann" varte berre i fem år. Så har han desto lengre erfaring frå rederisida på land. Han tok til på mannskapskontoret i Rekstens rederi i 1962, og avanserte etter kvart til personaldirektør. Han arbeidde under Hilmar Reksten då alt peikte oppover, gjennom "katastrofen" i 1975-76 og heilt fram til reiaren gjekk bort i 1980. På slutten av Reksten sitt liv arbeidde dei to nært saman - ikkje med sjøfart, men med å gjere klar kunstsamlinga hans for ettertida. han fortel også om heimkjøpet av "Statråd Lemkuhl" - og historia om spleisebrødet. 

Intervjuar er Bjørn Enes frå Memoar.  Direkte adresse til denne sida er http://Olav.Vindedal.memoar.no/ 

.

Olav Vindedal:




Stikkord frå forteljinga:

Krigsminner

April 1940

Mai 1945

Telegrafisten

Skipshandel i Årdal

Telegrafistskulen i Bergen

Morsesignal

MS "Heina"

Cosmopolitan Line

New York 1956

"...sånt snakkar me ikkje med..."

Kontakt med andre skip

Kortbøløgen

Kallesignal

Krigsseglarane

Antwerpenseglarane

Behandlinga av krigsseglarane

Krigsseglar 1 - Ein skipper hos Reksten

Krigsseglar 2 - Ein elektrikar

Krigsseglar 3 - Ein kokk

Krigsseglar 4 - Ein maskinsjef

Krigsseglar 5 - Ein pumpemann

Hilmar Reksten og krigsseglarane




I land i 1962

Mannskapskontoret hos Reksten

Nybyggingprogram

T/T "Valentinian"

"..turbin or not turbin.."

Supertankarar

Mannskapsmangel

Faste tilsetjingar

"..men jeg vil ikke vite om det.."

Befraktningspolitikk

Mannskapspolitikk

Fascinerande person

Keisarane

Vaks opp på Nordnes

Reksten - 1940

Nortraship

Reksten - 1945

M/T "Julian"

Rekstenflåten i 1962

"..ein fjern sjef.."

Kunstsamlinga 1

Handverk og kunst

Kunstsamlinga




1973 - fraktratenepå topp

1975 - Katastrofen

Garantiinstituttet

1976 - Reksten sett utanfor

Kunstsamlinga 2

Reksten sine sisteår

Overkontrahering

1975 - 80: Nedbemanning

Mannskapspolitikk

Endringane

Teknologi og organisasjon

Kurs og vidareutdanning

Rasjonalisering

"Multi-purpose crew"

"Rasjonaliseringskaptein"

Likebehandling

Suksess avhang av dyktige folk

Reksten sine sisteår

Rekstensamlinga

Rederiet etter 1980

"StatsrådLemkuhl"

Spleisebrødet

Om sjøfartshistoria

UNI-stiftelsen


Gustav Jørgen Myklebust

lagt inn 25. apr. 2018, 05:01 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. apr. 2018, 00:25 ]

Det mest dramatiske i Myklebust si forteljing må vere kollisjonen då hans båt, MS "Jalanta" (Anders Jahre) vart delt i to av cruisedamparen "Constitution" i tett tåke i East River, New York, den 1.mars 1959. 

Men elles manglar det ikkje på hendingar - frå sjukeavmønstring i Belgisk Kongo, arrestasjon i Japan, redningsoperasjon under tyfon i Stillehavet, ein periode på bommen i New York - og revolusjon i Havana. 

Han sigla i handelsflåten under "gullalderen" på 50-og 60tal, og frå slutten av 1970-talet tok han del i oljeeventyret i Nordsjøen. 

Han fortel om Sjøgutlinja på Framhaldsskulen i Bergen, skuleskipet "Gann", "Liberty-båtar" ("C4-båtar") - og familietradisjonar i ei slekt der alle var sjøfolk.

Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 10. april 2016. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar.

Bakgrunnsinformasjonar for litt av det Myklebust fortel om finst her: Liberty-skip,  C-4-båtar, (sjå også boka "Den norske Libertyflåten")  Sjøgutlinja på Bergen Framhaldsskule,  Kure Shipyard,   MS "Justinian", MS  "Jalanta",  SS "Constitution", Aftenposten om kollisjonen,  -  MS "Oriente", 

Kortadresse til denne sida er http://Gustav.Jorgen.Myklebust.memoar.no/ 


MEMOAR: Gustav Jørgen Myklebust



(Forteljaren avgjer om passordet skal fjernast. han kan kontaktast via post@memoar.no)


Stikkord i forteljinga: 

Familietradisjonar

Far krigsseglar

Heile familien i Høegh

1961: Sjukeavmønstring i Kongo

C4-class ship - (Libertyship)

Union i Købehavn

"Prøvetur" som 12-åring

Bestemor og Hurtigruta

Sjøgutlinja på Framhaldskulen

(Sjøgutlinja starta i 1956)

1957: Sjøgutlinja på "Gann"

Hyrekontoret 1958

"Teikna i fylla og bygd i bakrus"

MS "Justinian", Reksten

Kure Shipyard, Japan

"7 days, all over"


MT "Jalanta", Anders Jahre

"---cleana tankane..."

Kollisjon i EastRiver

"Bullshithorn"

SS "Constitution"

På bommen i New York

MS "Oriente", Olsen & Ugelstad

Havana 1959

Ekstrainntekt....

Lake'ane

Avmønstring

MS "Sunda", Mowinckel

MS "Høegh Abeille"

Tyfon

Redningsoperasjon

"Kongsberggevær"

"Meg og Tromsødekken..."

Blindtarmen

MS "Utvik", Wilh. Torkildsen

I land i 1964

Andre periode: Nordsjøen

Sporveiane

1978: Ekofisk

"AMEK" -fleirfaglg opplæring

Reisecrew

Automatisering: "Ikkje alltid det held..."

Alexander Kielland

Rykter om Kielland-ulykka

Amerikanarane

(123 omkom)

"Førti tonn i ansiktet"

Tilbakeblikk

Alle kurs...

Helikopter


Ludvig Myrland

lagt inn 24. apr. 2018, 14:08 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. apr. 2018, 00:26 ]

I dette opptaket fortel Ludvig Myrland om barndom i slutten av dei harde trettiåra, oppvekst under krigen i Svaneviken på Minde, lysta på sjølivet i dei fyrste etterkrigsåra, fyrstereisa som 15åring på eit skip fullt av "pakk" - og fyrste tur med eit gammalt, men normalt skip - til Leningrfad i 1953.

Opptaket vart  gjort i Bergen Sjøfartsmuseum den 3. mars 2016. Intervjuar er Bjørn Enes.

 Fleire detaljar om innhaldet i samtalen fylgjer under videovinduet. 

Direkte adresse til denne sida er http://Ludvig.Myrland.memoar.no/ 





Ludvig Myrland:



Ludvig Myrland startar med å fortelje om barndomsåra. Dei vart dramatiske, for ei ulykke gjorde far hans arbeidsufør. Foreldra dreiv butikk i Sandviken, men mor makta det ikkje aleine og gjekk konkurs. Familien vart sett på gata i 1938. Etter at avisa "Samarbeid" skreiv om dei, fekk dei hjelp til ein bustad i Svaneviken. Der vaks Ludvig opp under krigen - med russiske og serbiske slavearbeidarar i tyske fangeleirar som næraste naboar. "Eg såg meir enn ein unge skal sjå", fortel han.

Mange menn frå Svaneviken seilte nok ute under heile krigen, men bortsett frå to syskjenborn hugsar han ikkje så mykje om det. Derimot hugsar han svært godt dei som drog ut like etterpå, for etter berre ein tur kom dei heim "med Wranglerdress og Chesterfield i brystlomma" - og motorsykkel. Det ville Ludvig og, og då han vart femten trassa han mor sine planar om elektrolære og fekk faren til å skrive under på at han hadde tillating til å ta hyre.

Fyrste båt var damptankararen "Vally" som tilhøyrde Thv. Halvorsens rederi. Ludvig tok rutebåten til NewCastle og tog til Middelsborough utan å kunne eit ord engelsk, berre med ein adresselapp i neven.

"Båten var ny og såg fin ut - på avstand..." Men då han kom ombord viste det seg at båten var full av drit. Han meiner årsaka var at Thv. Halvorsens rederi ikkje fekk skikkeleg mannskap på grunn av at den opphavlege reiaren var landsvikdømt. "Det var mykje pakk ombord, rett og slett". Mellom anna vart messeguten banka opp regelmessig - han fekk kallenamnet "blåveispiken". Han fortel om valdsbruk mot dei yngste både ombord og i land. På fyrstereisa møtte han hamnehorer også for fyrste gong, blei trekt med på "sjåverde" - og fekk nye knyttneveslag av skipskameratar i bakrus etterpå. "Hadde det vore skikkelege sjøfolk ombord, ville nokon teke gutungane i forsvar. Men ingen gjorde det," fortel han.

Han sto ikkje kontraktperioden på 18 månader ut, men mønstra av i London og kom heim etter eit år - med Chesterfield i brystlomma. han kjøpte motorsykkel og. Trassi den dårlege erfaringa å fyrstereisa, var han snart på veg ut att: "Eing gjømann - alltid sjømann. Eg kjenner dragninga kvar vår enno, sjølv om det er mange år sidan eg gjekk i land for godt!" seier han.

Den neste båtane var heilt andre erfaringar med flotte mannskap - sjølv om båten i seg sjølv såg så gamal og sliten ut at han sa opp med ein gong han kom ombord fyrste gong ved brygga i Vaksdal. han måtte stå ein tur - og fekk oppleve Leningrad i 1953 før han returnerte til Vaksdal med korn frå Ukraina og tok toget derifrå rett heim til Minde.

I denne omgangen stoppar me Ludvig Myrland si forteljing der.

Sjå meir frå han under "Meir frå Ludvig Myrland."


Stikkord i opptaket:

Fødd på Nordnes

Konkurs 1938

Sett på gata 1939

Avisoppslag - "Samarbeid"

Krigsåra i Svaneviken

"Snottagut"

8 år gamal i 1945

Lysta på sjøen

"Wranglerdressar og Chesterfield"

"Alle" drog på sjøen

Fyrste hyre - 15 år

Far skreiv under - mor grein

DT Vally

Shabby båt

Thv. Halvorsens rederi

"Blåveispiken"

Storm i Biscaya

Nord-Afrikakysten

Valdsbruk ombord

- valdsbruk i land

Hamnehorer

"Nazistempelet" hang ved rederiet

Lett å få hyre i 1950-åra

18-mnd-kontraktar

Å kome heim...

Ut igjen

DS Marvel

Kolfyring

Leningrad 1953

Regnfrakken....

Klart skip...

Paal "Pablo" Strand

lagt inn 24. apr. 2018, 14:03 av Bjørn Enes   [ oppdatert 28. apr. 2018, 00:27 ]


Paal Strand reiste til sjøs 15 år gammal i 1961, og blei verande sjømann heilt til 2006. Han seilte både på dekk og i maskin, som dekksgutt, motormann, maskinassistent, båtsmann og matros I 1984 gjekk han over til innanriks fart som arbeidsleiar i ferjerederiet Askøy Bergen, noverande Fjord Line. Han fekk verkeleggjort gutedraumen om å sjå verda. Men han fekk og innsyn i dei mørke sidene ved sjømannslivet - ikkje minst kva slag arr som tyske torpedoar hadde brent inn i sinnet til skipskameratar som hadde vore krigsseglarar.

Han fekk oppleve gullalderen i norsk skipsfart - og på godt og vondt fekk han oppleve endringane utover 1970-talet. På den eine sida vart det mogleg å invitere alle ombord - mannskap, offiserar og passasjerar - til grillfest på akterdekket. På den andre sida vart bemanninga bygd så ned at det i vere sjømann vart eit einsamt yrke.

Han fann kjærleiken i SørAmerika - "Frieriet kosta 110 dollar i telefonrekning" - og budde i mange år i Columbia. Men sist vart det så langt mellom hyrene i utanriksfarten at han tok med seg familien heim til Fana - og begynte på Askøyferja.

Direkte adresse til denne sida: http://Paal.Strand.memoar.no/


Paal Strand


Opptaket vart gjort på Sjøfartsmuseet i Bergen den 17/1-2016, med publikum til stade. Intervjuar var Bjørn Enes frå Memoar. 

Stikkord i forteljinga:

Reiselyst

1961: TT "Frosta"

Mannskapet

Ein nydeleg båt

Speidar og Dræggegut

Fyrste bakkstørn

Standby

Utkikk

Algeriekrigen

Japan 1961

Musikk

Suez

Rortørn

Nr.1 på dansen i Fana

Som eit virus i kroppen


MS Trajan

Basra 1963

Nysgjerrigheit

Japan 1979

Synet på sjøfolk

Tatovering

Tatovering i dag

Hamnebyar

Containerrevolusjonen

Byssegut

Maskingut

Kjelesjau

Spylebelte

Doxfordmaskin

MS "Villanger"

Gøtaverken


MS "Utsira"

Maskinutvikling

Stempelsjau

"Maskinvirus" ôg.

- "ei sjel og ei skjorte....."

MS "Fauskanger"

Bygge ned skilene

Krigsseglaren"Onkel"

Openlugar

Krigsseglaren "Billy"

Kvinnene ombord

Psykisk

Einsemd

Kjærleiken

Santa Marta, Columbia

Arrestert i New York

Flytta heim i 1976


Ole Christian Næss

lagt inn 24. apr. 2018, 09:53 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. apr. 2018, 23:16 ]

Ole Christian Næss reiste ut som styrmannsaspirant hos Wilhelmsen i 1968. Det var ein heilt ny måte å reise ut på, som vart introdusert på same tid som dei store nedbemanningane sette inn. Han fortel om nyvinningar innanfor navigasjonsteknikkar - eigentleg laga for fly - og om den nye opplæringsstrukturen i Wilhelmsen. Då ryktane tok til å gå om jobbar for sjøfolk på plattformer og boreriggar, kunne mange ikkje tenkje seg noko slikt. Derfor var det ikkje vanskeleg å få jobb på dei fyrste norske plattformane. Næss fortel fargerikt om dei fyrste åra av norsk rigg-fart. I Del 1 skjem han fram til 1976, då han gjekk frå plattform til forsyningsskip for å få godkjend skipsførarsertifikatet sitt. Det er den verste farten han har vore i, fortel han - meir om det i Del 2 som vert publisert seinare i desember 2015. 
Opptaket av Del 1 vart gjort i Bergen Sjøfartsmuseum sundag 15. november 2015. Intervjuar var Bjørn Enes.









 



I munnlege forteljingar som denne kan det lett oppstå "trykkfeil" i form av konkrete opplysningar som etterpå viser seg å vere feil. Næss har i ettertid funne to slike faktafeil: 

*) Riggraten etter ombygginga av Treasure Hunter i 1976 var 40.000 dollar, ikkje 60.000 dollar som det vert sagt under stikkordet "ratene".

**) Den første hyperbariske livbåten (redningsbåt for dykkarar under trykk) kom i 1977, ikke i 1978 som det vert sagt under stikkordet "Dykkarane".  Dykkarane var dermed utan rømmingsutstyr i eitt år, ikkje to. 


Del to av forteljinga er under arbeid.  Direkte adresse til denne sida er http://Ole.Christian.Naess.memoar.no/  


Ole Christian Næss



1-6 of 6