2016‎ > ‎

Sigurd Skagen

lagt inn 27. apr. 2018, 22:33 av Bjørn Enes
Sigurd Skagen syrgde for å få tatt realskulen før han gjekk til sjøs som messegutt i 1953. Det var ikkje i byssa han ville, og etter tre månader fekk han bytta til hyre på dekk, på MS "Taranger"  (Westfal-Larsen). Fyrste reise gjekk i Interocean Line, Europa og begge kystane i statane. I Marinen sat  han på kontor - fjernskrivarkontor -  men fartstid det fekk han likevel, slik at han kunne begynne på styrmannsskulen etterpå. Sjølv om han var nyforlova strauk han til sjøs att etterpå for å samle pengar til skipperskulen. Etter eit år vart forleveden lei av å vente, og reiste etter: Dei gifta seg i sjømannskyrkja i Rotterdam. 
Store deler av Skagen si forteljing handlar om den Norske Amerikalinja - den kongelege norske Amerikalinja. Han har både ris og ros å minnast om sitt gamle rederi. han begynte der like før nedgangstidene vart bratte, då flytrafikken tok over passasjerane, NAL gjekk over til cruisetrafikk og etter kvart vart det heilt slutt. 
Han fortel spennande både om linjefart på Lake'ane og stykkgodsfart på Madagaskar, Reunion, Mauritius og Komorane. Og han fortel om utfordringane med å vere skipper. Mot slutten fortel han også litt om Bergens Skipperfeing, der han har vore i styret  i ein mannsalder. 
Intervjuar er Bjørn Enes. Opptaket vart gjort på Bergen Sjøfartsmuseum den 12. juni 2016. 

Direkte adresse til denne sida er Sigurd.Skagen.Memoar.no

Sigurd Skagen




Tidskodar og stikkord til innhaldet:
(Tala er timar:Minutt:Sekund:Hundredlar frå start):

00:21:00 1953 – Fyrstereis på M/S «Taranger»
00:50:00 Interocean Line
01:04:00 1954 Marinen
02:46:00 Fjernskrivarkontoret
03:20:00 Om fjernskrivar
03:55:00 Kald krig og O-melding
05:10:00 Morse krev musikalitet
06:57:00 Vanlig å gå til sjøs
08:00:00 Sjøfolk i familien
09:54:00 Krigsseglarar
12:10:00 Interocean Line
13:10:00 «Taranger» - forhistorie i tysk Aust-Afrika
14:14:00 Passasjerar ombord
15:08:00 Mannskapet på «Taranger»
16:01:00 Usikker etter fyrste tur
17:18:00 Fekk fartstid frå Marinen
17:45:00 1956: Lettmatros MS «Falkanger»
18:37:00 County Line
19:11:00 Murmansk på 1950-tat
20:54:00 1957 – Styrmannskolen
22:30:00 Forlova

MS Lancelot
23:50:00 Fyrste barn
24:39:00
25:30:00 Bryllaupet
27:00:00 MS Lancelot
28:00:00 Mauritius
28:53:00 Skipperskulen
29:45:00 Lastelære
31:20:00 Laste- og losseplanar
31:45:00 Kopra
32:25:00 Sisal
33:00:00 Varmgang i lasta
34:08:00 Bilar
36:40:00 Lukelasting
37:40:00 Hamnearbeidarane
38:17:00 Skipperskulen
40:14:00 Fyrste skipperhyre MS «Tanafjord» 1965
40:36:00 MS «Bergensfjord»
42:10:00 MS «Foldenfjord»
42:20:00 MS «Oslofjord»
44:05:00 Norske Amerika Linje
47:14:00 Sluttattest i NAL
48:00:00 Passasjerklassar
48:30:00 Oslofjord forliste
48:10:00 Aust-Afrikalinja
50:00:00 Cruisefart
51:50:00 Captains Table
52:40:00 Julebåten
54:20:00 «Kongelige norske»
55:40:00 Overadministrert
56:17:00 Jernbanetorget 1
58:04:00 Sa opp i 1968
58:40:00 MS «Topdalsfjord» på Lake'ane
59:50:00 Slusane
01:02:13:00 Thousand islands
01:03:20:00 «Moneymaker Bridge»
01:04:20:00 Tankfart
01:05:20:00 Attende til Amerikalinjen 1972
01:06:40:00 Containerskip
01:07:00:00 MS «Lygnafjord»
01:07:15:00 Madagaskar
01:07:40:00 Staff Captain - «Vistafjord»
01:09:50:00 17 nasjonar ombord
01:10:45:00 200-300 mannskap
01:11:11:00 Om å vere skipper
01:14:20:00 Madagaskar
01:16:45:00 Brann i ammunisjonslast
01:17:15:00 Manjok
01:18:35:00 Lasting med småbåtar på Komorane
01:20:06:00 Mauritius og Reunion
01:23:30:00 Star Shipping
01:24:56:00 Container-revolusjonen
01:26:19:00 Indonesia og Japan
01:29:19:00 Tilbakeblikk
01:30:48:00 Om å vere sjømann




Comments