2018

Sjå intervju publisert i 2015 - 2016 - 2017 - 2018

Publisert i 2018:

  • Kjersti Selvik Wengshoel Kjersti Selvik Wengshoel begynte i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990, som vaskedame på ferja som den gongen gjekk mellom Lauvvik, Forsand og Oanes. Etterkvart løyste ho meir og meir av på ...
    Lagt inn 6. mai 2018, 00:40 av Bjørn Enes
  • Arnhild Vada Eggum Fyrste sommarjobben til Arnhild Vada Eggum var på Hurtigruten. Ho tok gymnaset, og forsøkte seg eit år på hotell på Sunndalsøra. Men det var kjedelig. Ho ville til sjøs att ...
    Lagt inn 3. mai 2018, 06:56 av Bjørn Enes
  • Ingebjørg Sæther Ingebjørg Sæther vart fødd i Sauda, og sjølv om store deler av oppveksten var i Vegårshei, var ho med familien attende til Sauda kvar einaste sommar. Det var også dit ...
    Lagt inn 30. apr. 2018, 00:43 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 3 av 3. Vis mer »
 



Kjersti Selvik Wengshoel

lagt inn 6. mai 2018, 00:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 6. mai 2018, 00:40 ]

Kjersti Selvik Wengshoel begynte i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990, som vaskedame på ferja som den gongen gjekk mellom Lauvvik, Forsand og Oanes. Etterkvart løyste ho meir og meir av på dekk, og mot slutten av 90-talet fekk ho tilbod om å ta maritim linje på vidaregåande skule saman med fire andre frå same bygd og rederi (Forsand)

Ho var småbarnsmor då ho jobba på ferja. Det var mogleg, takk vera svigermor som flytta heim til dei når ho var på sjøen og mannen var i Nordsjøen. Heilt til borna vart vaksne, stilte svigermor opp.

Kjersti fekk styrmannspapir i 2001. Ho måtte mønstra som matros eit år, for fartstida vart ikkje godkjend - ho hadde aldri blitt mønstra om frå «hjelpebetjent» gjennom dei ti åra på ferja. Men midt i turistsesongen i 2002 fekk ho si fyrste hyre som styrmann, på cruiseferja i Lysefjorden.

«Der var open bru. Det krydde av folk rundt meg då eg skulle leggja til land fyrste gong...»

Men det gjekk bra, og ho avanserte heilt til kaptein på Hjelmelandsferja før ho sa farvel til Stavangerske og søkte seg ut på ope hav.

«Eg hadde ikkje mykje tru på at eg skulle klara det – eg hadde jo berre seilt inni fjordane,» Men så ringte altså mannskapssjefen i dåverande Trico Marine. Han hadde høyrt om henne, sa han. Ho anar enno ikkje kva som var forhistoria, men styrmannshyre fekk ho. Ho skryt svært, både av skipperen ombord og rederiet. Dei var stasjonert i Aberdeen og jobba i britisk sektor. Møtet med alle faguttrykka og dei skotske dialektane var tøft. Ho forsto ikkje eit ord av det dei sa på VHFen.

«Berre svar oki doki, sa skipperen – det kjem etter kvart.» Og det gjorde det. I dag har den skotske aksenten sett seg fast i engelsken hennar.

Men ein dag fekk dei høyra at båten - «Northern Gambler» - skulle selgjast. Ho såg svært mørkt på situasjonen då – men alt då ho kom heim, fekk ho tilbod om ny jobb. Den same mannskapssjefen hadde sett utviklinga og bytta jobb – og nå ville han ha henne med seg over i Bourbon Group.

Der fekk ho fyrst eit år på supplybåt i Angola. Det var inga god oppleving. Kjemien var dårleg ombord, og det var dårlege relasjonar til det angolanske ekstramannskapet som det var krav om å ha med. Reisene til og frå var audmjukande, og kommunikasjonane var så dårlege at det var slitsomt å tenkja på borna heime – om noko skulle henda.

Ho ba om ny jobb – og havna i Kina, for å henta eit nybygg. Det var i svært dårleg forfatning, og det var vanskeleg å få verftet til å gjera det sjøklart. Etter seks veker kom dei seg avgarde – dei kom seg til Danmark, men der vart det tre nye månader på verkstad. Og då båten til sist kom heim, var det rett på verkstad igjen. «Det hadde nok lønt seg å byggja i Noreg».

Ho sa neitakk til ein ny Kina-tur – og jatakk til ny jobb i Havila. Og dermed var det tilbake til Nordsjøen. I alt var ho i supplyflåten i 13 år. Heile tida var det ei rivande teknologisk utvikling. Men ho såg at deg bar gal veg, for reiarane kontraherte alt for mange skip. For hennar del var det slutt i 2016. Då vart ho arbeidslaus for fyrste gong sidan ho begynte å vaska på ferja i Forsand.

«Det var deprimerande. Der var ikkje mange jobbar å søka på for ein navigatør. Og mitt liv er å segla...»

Men så – endå ein gong – var det som om Forsynet greip inn. Ho fekk ein epost frå Hurtigruten, om ho var interessert i ein prøvetur. Det var noko heilt anna enn alt ho hadde gjort før. Det er ein veldig krevjande fart – du må læra heile norskekysten utanat for å bli ein god styrmann der. Men ho fekk fast jobb etter tre månader. Og ikkje lenge etter fekk ho bytta til cruise, slik at store deler av vinteren er ho på langfart i Antarktis.

«Eg har aldri angra på at eg blei sjømann!» avsluttar ho.

Opptaket vart gjort i biblioteket på Oljemuseet i Stavanger den 27/2 2018.  Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet. Der er periodevis noko bakgrunnsstøy under intervjuet. 

Kjersti Selvik Wengshoel:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:  
https://vimeo.com/227415646#t=2h39m15s ) 


Tidskodar: Tema:
00:00:00 Begynte som vaskedame i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990
01:10:00 Begynte på dekk etter 10 år – tilbod om styrmannskole
02:00:00 Begynte på ferja i Lysefjorden
02:20:00 Tobarnsmor – fortsette å segla som småbarnsmor
03:05:00 Svigermor flytta inn når mannen var i Nordsjøen
03:20:00 (Me var fem som hadde studiering saman)
05:20:00 Bondejente – vaks opp på gard
06:20:00 Tok kokkeutdanning
07:20:00 Men angra litt – ville heller noko anna. Blei mor 18 år gamal
08:30:00 Begynte på ferja då den eldste var eitt år – han var med
08:50:00 Venninna tok ferja kvar dag -. ho tipsa om ledig vaskejobb
09:37:00 Kem hadde trudd det i 1990, at eg skulle bli både styrmann og kaptein?
10:08:00 På ein liten plass som Forsand går det an å få dagmamma
10:43:00 Vasking var i sjøen – storvask var på nattetid under land
11:50:00 Var mønstra som hjelpebetjent – fekk ikkje godkjent fartstida
12:50:00 Vi og dekksfolka gikk om kvarandre – ingen hard overgang
13:10:00 Matros på ferja er rimelig enkelt i forhold til f.eks Hurtigruten
14:15:00 Eg var veldig audmjuk då eg begynte
14:55:00 Du merka jo av du var nederst på rangstigen – eg sa ganske klart ifra
16:25:00 Eg kjempa for fleire vasketimar – til slutt taua kapteinen meg inn...
17:25:00 Etter nokre år fekk eg tilbod om vidareutdanning
18:20:00 Eg har alltid vore einaste jenta – du må vera litt tøff
18:33:00 Me damer må bevisa meir enn mennene
19:10:00 Det var ikkje slik på ferja – dessutan var eg vant til å få kjeft heimefrå...
20:18:00 Når me er 19 veit me ikkje så godt kor grensene går
20:33:00 Eg har aldri glømt ho jenta på 19 som starta som vaskedame
21:30:00 Metoo: Eg har vel opplevd verre ting enn ein SMS på nattestid....
22:00:00 Eg har alltid vore yngre enn dei mennene eg har arbeidd med -
22:19:00 Eg er veldig åpen – men det kan lett bli misforstått
22:56:00 - så eg har opplevd mange tøffe ting.
23:30:00 Eg synest at kolleger skal ha respekt for kvarandre

Skjer det overtramp, gir eg knallhard beskjed
24:09:00 Dessverre er der nokre som ikkje forstår.
24:45:00 Eg tenkjer på dei som kjem etter – eg håpar på fleire damer til sjøs
26:00:00 Joda – du skal vera tøff
28:26:00 Me var fem stykk frå Forsand på styrmannskolen – gamle VK2 og VK3

Me drog kvarandre fram
28:17:00 Frustrasjonar undervegs – eg hadde ingen praktisk erfaring
29:30:00 Men når du vil, er det utruleg kva du får til ...
30:30:00 Fekk papirane i 2001, då var eg 30 år
30:53:00 Fekk fyrste styrmannshyre på cruiseferja i Lysefjorden
31:47:00 Der var open bru på gamle Lysefjord.. det var fullt av folk der
32:59:00 Sjølvtillit er ikkje noko som kjem av seg sjølv....
34:16:00 Gamal båt frå 1968 – ikkje mykje å hjelpa seg med
35:24:00 Hjelmelandsferja – kapteinen hadde veldig tru på meg
36:08:00 «Når eg går av med pensjon, skal Kjersti ta over»
37:14:00 Men når du seiler inni fjordane får du ikkje oppgradert sertifikata
38:14:00 Eg såg på ein verkeleg sjømann som ein som seilte jorda rundt
39:35:00 Så fekk eg telefon frå mannskapssjefen i Trico Marine
41:03:00 Heile mannskapet skulle møtast i Bergen
41:42:00 Fyrsteinntrykket av kapteinen – «Her kjem sjefen sjølv»
42:32:00 Eg var vand med å hiva på meg kjeledressen
43:20:00 Fyrste tur med skotsk språk på VHFen
44:28:00 Mannskapet var norsk – eit fantastisk gjeng
45:14:00 Trico Marine var også eit fantastisk rederi
45:35:00 Eg var tillitsvald – rederiet var stolte over at eg hadde verv i forbundet
46:34:00 Eg har vore heldig – og eg har vore uheldig. Slik er livet
47:40:00 I offshoreflåten finst lite hierarki – på passasjerskip mykje meir
48:08:00 Godt lagspel er god balanse. Men alle veit kven som er kapteinen
48:40:00 Veldig stor forskjell på norske båtar og andre – f. ex. Bulgarsk
49:05:00 Eg og kapteinen var norske – resten var bulgarar
50:40:00 Men når me fyrst hadde fått tillit, vart eit det veldig godt forhold
51:13:00 Dei sto åtte veker på kvar tur. Eg krevde at dei skulle få reduksjon
52:12:00 Til slutt fekk eg gjennomslag – dei fekk redusert periodane til fem veker
52:57:00 Dei såg på meg på ein heilt annan måte etterpå
53:27:00 Trico slutta veldig trist – amerikanarane selde dei norske båtane
54:10:00 Me kom ombord på «Northern Gambler» og fekk høyra at båten var seld
54:50:00 Den dagen eg kom heim, fekk eg telefon om ny jobb
55:43:00 Me hadde det forferdelig på heimvegen
56:58:00 Du skal jo vera heldig viss det skal gå godt med alle ombord...
57:24:00 Viss der er dårleg kjemi i styrehuset er det veldig slitsomt
59:10:00 Eit år i Angola var svært vanskeleg
ein time
00:15:00 Fattigdomen der gjorde det også vanskeleg
00:27:00 Men eg ville ikkje vore utan den livserfaringa
01:25:00 Eg tenkte på å reisa tilbake for ein hjelpeorganisasjon
02:16:00 Ein sjømann reiser mykje – og ser baksida av medaljene
03:10:00 Mange vanskar i Afrika, alt tok tid
03:40:00 Angola kravde at me skulle ha lokalt mannskap i tillegg til vårt eige
04:25:00 Dei gjorde opprør – dei såg med hat på alle kvite
05:15:00 Tollarane tok meg ut kvar einaste gong – me skulle audmjukast
06:06:00 Du skal helst vera godt førebudd for å jobba der
06:20:00 Det er den staheten. Hadde eg fått oppdraget, skulle eg fullføra
07:20:00 Kommunikasjonane var dårlege - Det var vanskeleg å ha familie heime
08:35:00 I Bourbonne Group skulle eg på i nybygg – men dei var forskinka
09:15:00 Var i Kina i sju veker for å gjera båten klar – mykje var øydelagt

Me klarte å segla han til Danmark – der måtte han på verkstad

Det ville nok ha lønna seg å bygga båten i Noreg
11:06:00 Me blei ikkje høyrde – eg såg inga framtid der og slutta
12:20:00 Då begynte eg i Havila, tilbake i Nordsjøen
13:03:00 13 år i offshore – st var store endringar – teknologien blomstra
13:53:00 Heile utviklinga fra joystick til full DPS. Men ingenting veks til himmels
14:32:00 Reiarane kontraherte for mykje, me såg kor det bar lenge før bobla sprakk
16:44:00 Me var i britisk sektor, under Bahamasflagg. UK stramma inn
17:22:00 Me var berre to norske igjen – så ble me og sett i land 2016
17:50:00 Då blei eg arbeidsledig for fyrste gong. Eg trudde aldri eg kom ut att
18:45:00 Det var ikkje mange jobbar å søka på – tilbake til ferjene....
19:25:00 Eg gjekk seks månader utan jobb – mitt liv er å segla
20:35:00 NAV fant ein jobb som mannskapssjef i Molde. Måtte eg gå frå huset?
21:15:00 Men så fekk eg mail frå Hurtigruta – send inn papira
22:10:00 Det vart ein stor forskjell -
22:40:00 Hurtigruta har papirkart – beste måten å læra på.

34 havner - utruleg mykje å læra. Eg var veldig audmjuk.

Kanskje var det derfor eg fekk fast jobb etter tre månader
24:18:00 Det tar mange år å læra heile kysten utanat
25:15:00 Fotografering: Eg er glad i å ta bilder
27:19:00 Antarktis: Eg måtte fornya DP-sertifikatet. Hurtigruta har ikkje DP

(DP= Dynamisk Posisjonering)
27:47:00 Ein på explorerskip ville på kysten – så bytta me
28:38:00 Eg hoppar berre oppi ting – eg har aldri fått så mykje kjeft
29:07:00 All isen er det spesielle i Antarktis – faren er å enda som Titanic
30:13:00 Når passasjerane går i småbåtar, ligg me for anker og vaktar på isen
32:10:00 Eg har blitt heilt forelska i Antarktis – lyset og fargane
33:05:00 Eg har begynt å mala og... Det gir meg positiv energi
34:25:00 Når eg blir vaksen skal eg kjøpa ein vingard – og så skal eg mala.......
35:00:00 Eg har jo tenkt mykje – men aldri angra på at eg blei sjømann.
36:04:00 Slutt

Arnhild Vada Eggum

lagt inn 24. apr. 2018, 05:10 av Bjørn Enes   [ oppdatert 3. mai 2018, 06:56 ]

Fyrste sommarjobben til Arnhild Vada Eggum var på Hurtigruten. Ho tok gymnaset, og forsøkte seg eit år på hotell på Sunndalsøra. Men det var kjedelig. Ho ville til sjøs att – og etter at ho fekk si fyrste hyre som salongpike på MS «Havkatt» (Meyers rederi, Oslo) arbeidde ho aldri meir i land. Det var eit bulkskip. Fyrste tur gjekk til Fort Lauderdale, der låg dei i to veker, med god sjanse til å sjå seg om på land.

Jobben som salongpike gjekk ut på å stella lugarane, og å servera offiseane i offisersmessa. Dei var tre kvinner ombord – telegrafisten og ei salongpike som hadde mannskapsmessa. Ho opplevde aldri noko problem med å vera i mindretal.

Sjølv om folk snakka om at det snart ikkje ville vera bruk for telegrafistar lenger, tok ho Radioskulen i 1975. Ho fortel om kunsten å læra morsesignala: Rytmen var viktig – ikkje minst når du skulle senda med den gamle «handpumpa». Der gjaldt det dels å skapa tydelege skiler mellom priklkar og streker – og dels å læra seg dei rette, ledige rørslene med handleddet. Etter kvar kjøpte ho seg sjølv ein elektronisk morsenøkkel som laga faste lengder på prikkar og streker og som ikkje var så belastande på handleddet. Den hadde ho med seg frå båt til båt.

På Radioskulen fekk ho øva opp evnene til å oppfatt morsesignala som bokstavar, ikkje som prikkar og strekar. Morsesignal var framleis den vanlegaste kommunikasjonskanalen til sjøs. Etter kvart var det vanleg å ha ein satelitttelefon ombord, men det vr så dyrt å bruka han at det vart veldig sjeldant.

Ho fortel om rutinane i kommunikasjonen mellom båt og land. Rogaland Radio var knutepunktet til reiarlag og sjøfolka sine familiar. Til faste tider sende dei ut trafikklister med kallesignala til kvar båt som hadde eit eller fleire ventande telegram. Når telegrafisten oppfatta båten sitt kallesignal i trafikklista, måtte ho (eller han) kalla opp Rogaland Radio for å få telegrammet. Det var ikkje alltid mogleg å få kontakt. Aktiviteten på sola (solflekker) var ein av dei faktorane som spelte inn. Ofte fekk dei berre kontakt om nettene, særleg når dei var i Austen. Lastetelegram gjekk oftast i klartekst. Vêrobservasjonar som vargjort ombord og skulle vidaresendast til land, gjekk som regel i talkodar. Utanom kommunikasjonen, arbeidde ho som sektretær for kapteinen. Ho førte hyrerekneskapet, førte og leverte tolllister og skattelister.

Dei båtane ho fortel om er «Havkatt», «Skiensfjord» (Amerikalinjen), «Anna Presthus» (Johs. Presthus), «Texaco Bogota» (Texaco) og «Moscliff» (Mosvold).

Ho var krigsseglar, både i Vitenam og ikkje minst under krigen mellom Iran og Irak. «Moscliff» gjekk i skytteltrafikk mellom Kharg Island og havet utanom krigssona. Det hende at både båten før og båten etter vart råka av rakettar. Men sjølve opplevde dei det aldri. Men til tider tok ho med seg alle pass, sjøfartsbøker og livvesten i køya.

Ut over 1970-åra vart rasjonaliseringane hardare og hardare – og i 1986 vart heile mannskapet på «Moscliff» bytta ut med fillipinarar. Ho kunne ikkje tenkja seg ein jobb på land, og starta jakta på Nordsjøjobb. Ho tok sikkerhetskurs og fekk eit vikariat på «Fortuna Ugland» då Ekofisktanken skulle jekkast opp. Like etter kom arbeidstidsnedsetjinga som skapte behov for fleire folk. Ho vart radiooperatør, fyrst på Ekofisk og seinare på den flytande boligriggen «Poly Mariner». Men så gjekk radiooperatøranes tid mot slutten i olja og. Riggen gjekk i opplag – og ho gjekk attende til Hurtigruten, som purser på «Nordlys». Dei siste ti åra var ho med på omstillingane av Hurtigruta frå tradisjonell kysttrafikk til meir og meir cruiseprega trafikk.

I dag er Arnhild pensjonist. Saman med mannen er ho aktiv i Bergens Skipperforening. Ho ser at mange sjøfolk kan bli einsame i pensjonstida, etter lange liv utan slike kontaktar som folk på land har. Derfor er det bra at det finst mange organisasjonar som folk kan melda seg inn i.

Intervjuopptaket vart gjort 4. april 2018 i intervjustudio i Bergen offentlege bibliotek. Intervjuar var Bjørn Enes. Det er også han som har gjort dokumentasjonsarbeidet.

(Videoen er borte nokre timar den 3. mai - på plass att i ettermiddag)

Arnhild Vada Eggum:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:  
https://vimeo.com/267765937#t=45m0s ) 


Tidskodar Innhald
00:10:00 Sommerjobb – naturleg å tenkja på Hurtigruta, i Catering
01:10:00 Mange passasjerar – og større besetning enn no
01:50:00 Vaks opp ved fjord – vart vand med sjøen
02:49:00 Jobba et år på hotell. Kjedelig – hadde reiselyst
03:13:00 Mønstra på i Sunndalsøra.14 dagar i Fort Lauderdale på fyrste tur
04:38:00 Salongpike, MS «Havkatt», Meyers rederi,
04:08:00 Bulkbåt – alumina og bauxitt. Papir i gangane når me gjekk med bauxitt
04:45:00 Eg serverte offiserane i salongen og stelte lugarane.
05:26:00 Skipperen var gammel linjeskipper. Han ville ha style
06:05:00 Mannskapet hadde eiga messe.
06:55:00 Det var ei kvinne til, i mannskapsmessa. Så kom det og kvinnelig telegrafist
07:50:00 Det var aldri noe problem å være kvinne ombord
08:40:00 Den tid låg båtane ei tid i land – då var det råd å sjå seg rundt
09:10:00 Me var ein del av gjengen når me gjekk i land. Mange ville sjå seg rundt
10:40:00 Hugsar stranda, veiene, bilane – og restaurantane i Fort Lauderdale
11:38:00 Eg var au-pair i England eit år då eg var 17
12:40:00 Tok Radioskolen – enkel vei til god jobb. Me visste at det ville bli slutt
13:58:00 Eg var utanriks i ti år – etter utflagginga jobba eg åtte år i Nordsjøen
15:14:00 Å læra morse handlar om å finne rytmen – spara handleddet
16:30:00 Du lærte å oppfatta signala som bokstavar – ikkje prikkar og strekar
17:30:00 Kommunikasjon var mest morse – telefon bare når folk skulle ringa heim
18:09:00 Hugsar det aller meste av morsealfabetet – men lenge sidan eg testa det
19:10:00 Dei gamle nøklane vart kalla «handpumpa» - rytme og handledd viktig

Den elektroniske morsenøkkelen justerte prikk og strek automatisk
21:00:00 Eg kjøpte elektronisk morsenøkkel sjølv – (har han enno)
21:52:00 Når signala kom inn, kom dei som lyd. Kallesignal
22:44:00 Rogaland Radio sende ut trafikklister – når eg høyrde skipets kallesignal, kalte eg opp
23:29:00 Det var sonar der det ikkje var kontakt. Måtte opp om nettene
23:50:00 Solflekker og aktivitet på sola forstyrra. Me fikk varsling om solaktivitet
24:30:00 I dag er det framleis mange radioamatører som brukar morse
25:13:00 Lastetelegram oftast i klartekst – værmelding i Atlanteren gikk på tallkodar
26:40:00 Skipperen var min sjef. Eg førte hyrerekneskapet – fekk timelister frå

maskinsjefen, stuerten og overstyrmannen
27:20:00 Tollister når vi kom til land – og skriving som skipperen ikkje hadde tid til
27:50:00 Nokre land var veldig nøye
28:15:00 Skattelista til Norge – måtte ha skrivemaskin med ekstra lang valse
28:45:00 Telegrafistskolen i KrSand, Bodø, Bergen og Trondheim hadde ettårig linje

For få søkte i Bergen det året
29:45:00 Et veldig kjekt år – vi ble veldig sammensveisa.
30:12:00 Eit lite fleirtal av jenter i klassen. Det ble fleire og fleire damer
30:56:00 I dag har eg berre kontakt med ei av dei andre i klassen
31:57:00 Første båt var MS «Skiensfjord» til Amerikalinjen (NordAtlanteren)
32:52:00 Rasjonaliseringane sette inn – vi gikk i ein smell ned frå 28 til 18 ombord
33:20:00 Dei tok ein frå kvart departement – seinare måtte stuerten koke sjølv
34:15:00 Vi såg jo teikna i tida – rasjonalisering var det på alle kantar
35:30:00 Det vart meir verkstadtid – før rasjonaliseringane var det godt vedlikehald
36:14:00 Til slutt bytta dei heile mannskapet
36:25:00 Så kom telexen – og seinare satelitttelefonen ca 1982

Då var eg på MT «Moscliff», 270.000tdw, Mosvold Shipping
37:25:00 Kom fra MS «Anna Presthus» 16.000 tdw, Johs. Presthus, Bergen
37:40:00 Ho som tok over der ville være ute lenge – så i 1979 bytta eg til Mosvold Shipping.
38:08:00 «Moscliff» var ordentlig svær – mønstra på i Bilbao. Suez var stengt
38:58:00 Vi var på Kharg Island ni ganger under den første Gulfkrigen –

Vi var krigsseglarar – vi fikk krigstillegg. Det var på slutten at norske sjøfolk vart skadde
40:37:00 Vi gikk i skytteltrafikk til Kharg og ut av krigssonen. Båten før og etter hadde treft
41:18:00 Krigshandlinger også med MT «Texaco Bogota» i Vietnam i 1975
42:30:00 Nokre netter pakka eg sjøfartsbøker og pass saman med livvesten i køya

Ein venner seg til mye...
43:30:00 Vi hadde regelmessige brann- og livbåtøvingar
45:00:00 Meir om Moscliff – om å klatre opp i tauleider i skjørt og høghæla sandalar – i ballast...

utanfor Bahamas
47:12:00 Kom ut som turbintanker, men maskinane blei skifta. Det kom endå større båtar...
47:47:00 Me var 18-20manns besetning der også – samme organisering. Seinare var vi nede i 14
48:52:00 Det var gøy med ny teknikk da telexen kom ombord. Telexen var ikke så ny på land
50:00:00 Telexen tok over – over satelitten var det jo alltid kontakt
51:15:00 På Moscliff sto eg ombord i ni månader utan å koma i land – det vart roleg på jobb
52:30:00 Sjølv om det var ein supertankar, gikk både lasting og lossing fort
53:14:00 Tida blei ikkje spesielt lang. Godt vær. Basseng ombord. God stemning. Filmar

Velferden kom med gamle Tvprogram – me såg Grand Prix-seieren ved sida av ein svenske..
54:56:00 Mange jogga rundt dekket – dessutan broderte både eg og mange av mannfolka
56:07:00 Sto 14. månader – ville gjerne ha fri om sommeren, Sto frå januar til april
57:12:00 Eg var med på utflagginga av Moscliff – sto ombord ein månad under Liberiaflagg
57:50:00 Fillipinarane sto på kaien og venta. Vi skulle lære dei opp – det såg vi mørkt på
58:40:00 Møtte ikkje han som skulle avløysa. Hugsar ikkje kor eg mønstra av – det var sårt..
59:18:00 Eg følte: No er du begynt å bli overflødig
59:40:00 Kom på nybygg i Korea – båten skulle gå utan telegrafist, men blei fyrtst ikkje godkjend -
Ein time
01:01:18:00 I 1986 innsåg eg at eg måtte finne noko anna. Då var Nordsjøen næraste alternativ
00:35:00 Japan var fantastisk – høflighetskultur – var der ti ganger
01:19:00 hugsar ein fantastisk park i Kitkyushu på Kyushu
02:20:00 Det var mye folk overalt – alle var i arbeid, alle var høflige
03:50:00 Av andre havner hugsar eg best New York, Buenos Aires, Sidney

Men også små, sjarmerande plasser – særlig nord i Australia
04:30:00 Kom til Rio midt i karnevalstida – hugsar eit tog med berre menn i all slags utkleding

Newfoundland, StJohn – fikk sett mykje
05:50:00 Måtte innsjå fakta – ville ikke ha 8-4-jobb på land, Nordsjøen var naturlig
06:40:00 Tok sikkerhetskurset – fikk bekosta det av Arbeidsformidlinga i 1986
08:10:00 Hadde vore gjennom det same i sikkerhetskurs på radioskolen. Det var gøy
1:09:14:00 Ekofisktanken skulle jekkast opp – ein flyterigg skulle ligga på sida (Fortuna Ugland)

Eg skulle halde oversynet over kor alle var. Ringte rundt -
10:30:00 Tok kurset hos Philips – og så ut. Seinare skulle arbeidstida ned – trengte fleire folk og då
11:05:00 Elfisk Bravo, Edda – snakka med telegrafisten som var på Alexander Kielland
11:36:00 Radioromet var kombinert resepsjon og radiorom – helikopterkommunikasjon – nødfrekvens
12:54:00 Før dette var det berre telex den elektroniske systemet eg hadde erfaring med
14:20:00 Veldig mange av de som jobba i nordsjøen var tidlegare sjøfolk.
15:00:00 Trivdes ikkje så godt som på sjøen. Veldig lange vakter – 12 – 12 – unatuleg rytme
16:00:00 Meir ensomt – kunne aldri gå frå radioromet – brannalarm gjekk der
16:30:00 Flyteriggen hadde 6til 6-vakter, det var meir naturleg
17:33:00 Litt snakk om Kielland-ulykka på grunn av telegrafisten som var ombord

Det var midt under shufflinga – det var helikopter i lufta
18:17:00 De hadde tatt gangveien til Edda på grunn av været
18:48:00 Tenkte ikkje særlig på at det kunne skje igjeng
19:09:00 Flyteriggen heitte «Poly Mariner» - låg i britisk sektor som boligplattform
20:07:00 Jobba som radiooperatør – helikopterkommuinikasjon, telex og rapportskriving
20:40:00 Fyrst var arbeidstida 2-3
20:55:00 Slutta i Philips – dei ville ha bort radiooperatørane på natta. Forsto at det ville bli slutt
21:50:00 Glad for å få jobb – det var greit. Betre enn å jobba i land
22:30:00 Riggen gjekk i opplag i 1990. Hadde løfte om ny jobb – men så kom Hurtigruta inn i bildet
22:59:00 «Nordlys» – heilt ny. Veldig forskjell frå «Eivind Jarl»
23:37:00 Begynte som purser – sat i resepsjonen.
24:19:00 Folk kom og gjekk heile tida, i kvar havn. Trivdes på Hurtigruta

Er passasjerskip meir gamaldags?
25:55:00 å Hurtigruta går offiserane i uniform – det er ikkje vanleg på lastebåtar

Har Hurtigruta endra seg frå kystfart til cruisefart?
27:04:00 Hurtigruta har endra seg mer fra kystrute til fokus på «meirsal» - som på cruise


28:40:00 I dag har Hurtigruten og Havila delt på kysttrafikken
29:19:00 Privat?
29:30:00 Eg møtte ikkje mannen ombord – han jobba på land
29:49:00 Mye aleine ombord – det var aldri noe problem
30:20:00 Utenriks – gledde meg alltid til å reise ut. Litt meir vemodig å reisa ut i Nordsjøen
31:45:00 Noen likar ikkje å leva sik – eg har likt sjømannslivet frå fyrste dag.
32:40:00 Sjøfarten har utvilsomt ei framtid. Meir usikker på om den norske sjømann har... .

Hadde oljeeventyret vore mogleg utan alle sjøfolka? For eksempel kommunikasjon?
34:20:00 Helikopterkommunikasjon var enkelt – trur ikkje sjøfartserfaringane var så viktig der

Pensjonist nå?
35:09:00 Pensjonist nå – ga meg då eg var 59. Etter kvart vart det eit veldig hardt køyr


36:29:00 Pensjonistlivet: Mange sjøfolk er einsame – klokt å melda seg inn i ein av foreningane
37:14:00 Facebooksida «Sjøfolk i utenriksfart» er viktig for mange. For meg blir det for mykje
01:38:09:00 SLUTT

Ingebjørg Sæther

lagt inn 24. apr. 2018, 04:57 av Bjørn Enes   [ oppdatert 30. apr. 2018, 00:43 ]

Ingebjørg Sæther vart fødd i Sauda, og sjølv om store deler av oppveksten var i Vegårshei, var ho med familien attende til Sauda kvar einaste sommar. Det var også dit ho drog dit då måtte reisa heimefrå som 14-åring for å gå på realskulen. 18 år gamal reiste ho til England eit år for å arbeida og læra språk. Då ho skulle velgja utdanningsveg, tenkte ho lenge på helsevesenet – men valde å søka Telegrafistskulen i Kristiansand i staden.

Der begynte ho i 1963, i ein klasse der fleirtalet var jenter (11 av 18). Ho fortel om fagkretsen på skulen. Morsetrening var det absolutt største faget. Eksamenskravet var 100 morseteikn i minuttet på tekst, 80 teikn på kodar. Ho fortel om radiostasjonen dei hadde på skulen, og forklarar omgrep som kallefrekvens og arbeidsfrekvens, kallesignal og prosedyrebok. Dei var og på studietur til Rogaland Radio.

Såvidt ho hugsar, klarte heile klassen eksamenskravet. Det var stor rift om telegrafistar, «reiarane sto nærast på trappa og plukka oss opp». Hennar fyrste båt var motortankaren «Anco Swan» frå Iver Bugges rederi i Larvik. Båten låg på reia i Liverpool - dei hadde venta på henne i to døgn då ho kom fram. Ho fekk ei kjapp omvising i radioromet medan taxibåten venta på han ho skulle løysa av – og så var ho overlatt til seg sjølv. Men det gjekk greit – det var god kontakt på heile turen over Atlanteren. Og det var ein eventyr å koma til USA. Dei var i New Orleans og Houston på fyrste tur. Det var valkamp – ho hugsar særleg eit opptog for republikanaren Barry Goldwater. Ho hugsar også at dei fekk delt ut kaldkrigs-propaganda mot kommunistane.

Fyrste tur var berre eit vikariat, fram og attende over Atlanteren. Det var neste tur som vart den eigentlege starten på sjøfartslivet. Båten var bulkskipet MS «Aino» frå C.H. Sørensens rederi i Arendal, som gjekk mellom Newcastle, Australia og Japan med kol. Det var god tid i land i begge endar, og Ingebjørg fekk ryktet om å vera den som var fyrst i land og sist ombord: Ho knytta kontaktar og venskap i begge endar av ruta – ho har endå kontakt med ei australsk venninne frå den tida.

Kontakten med Rogaland Radio kunne vera vanskeleg i Asia. Ho fortel inngåande både om dei daglege rutinane i sjø og under land, og om dei ulike oppgåvene ho hadde som telegrafist. Ho hadde mellom anna ansvar for timerekneskapet og lønsutbetalingane til kvar av mannskapet. Ho fortel om og ein episode då radioen svikta. Ho måtte bruke naudsendar og få hjelp av ein telegrafist på ein annan båt i nærleiken for å koma i kontakt med rederiet og få instruksjonar om korleis hovudsendaren kunne reparerast.

Stort sett var det uproblematisk å vera kvinne ombord. Som regel var der også salongpiker, så ho var sjeldan aleine. Mannskapet var veldig beskyttande når dei var i land. Men på nokre båtar var der alkohol, og det kunne vera svært vanskeleg. Ikkje berre for kvinnene – sjølv om folk tok ansvar viss andre var fulle, så var det eit mirakel at det gjekk godt nokre gonger. «Dette må også koma fram, synest eg».

Den alvorlegaste hendinga ho var ute for var på MT «Polarsol», Melsom & Melsom, Larvik. Tømmermannen var i arbeid framme på bakken. Dei var på veg nordover, nordaust for Afrika, då det kom ei kraftig undervassbylgje. Skipet var fullt lasta og låg lågt i sjøen, så bylgja slo inn over forskipet. Bylgja var så kraftig at tømmermannen blei stygt skadd. «Eg fekk kontakt med eit fransk marinefartøy som hadde lege ombord. Men dei rakk ikkje fram...» Tømmermannen døydde. Båra vart sendt heim frå Djibuti. 

Ho møtte han som skulle bli mannen hennar ombord. Dei segla ei stund i same rederi, men i 1973 mønstra ho av for godt for å vera heime med borna. Seinare tok ho ny utdanning – og havne i helsevesenet likevel.

Intervjuopptaket vart gjort i intervjustudioet i Bergen Bibliotek den 18. april 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet.

Ingebjørg Sæther:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/266098988#t=1h6m38s ) 

  
00:00:00 Født i Sauda – oppvekst i Vegårdshei, tilbake til realskule iSauda
01:22:00 Industrisamfunnet Sauda
02:49:00 Reiste til England 18 år gammel, arbeidde der eitt år
03:47:00 Var litt tvil om utdanning, men bestemte meg for Telegrafistskolen
04:15:00 1963/64, til Kristiansand – hybel i Fritz Jensensgt
04:40:00 Flertallet av klassen var jenter – (11 av 18) - få hadde fartstid
06:20:00 Tjue timar i veka var morsetrening – det var viktig å få inn rytmen
07:56:00 Til eksamen måtte me klara 100 teikn i minuttet på tekst, 80 på koder
08:49:00 Me kunne be om repetisjon viss me ikkje oppfatta eit teikn
10:03:00 Alle i klassen klarte krava
10:30:00 Radiostasjonen på skulen -
11:04:00 Me lærte også om kallefrekvens og arbeidsfrekvens
11:46:00 Kvar båt hadde eit kallesignal på fire teikn -
12:10:00 Rogaland Radio hadde kallesignalet LGB
12:30:00 Me hadde ei prosedyrebok
13:05:00 Atmosfæriske forhold hadde svært mykje å sei for kontakten
14:05:00 Studiebesøk på Rogaland Radio
15:13:00 Folka på Rogaland Radio var veldig flinke – de plukka oss opp
15:45:00 Det var stor etterspørsel etter telegrafistar
16:00:00 Fyrste båt var MT «Anco Swan». Bugge Rederi i Larvik. (Mest smøreoljer)
16:50:00 Reiste til Liverpool, der låg båten på reia i to døgn og venta på meg
17:17:00 Han som eg skulle avløysa forklarte litt medan taxibåten venta....
19:00:00 I Atlanteren var der god kontakt på radioen
19:38:00 Det var valgkamp i USA – stort opptog for Barry Goldwater
20:17:00 Kald krig – veldig propaganda mot kommunistane
20:50:00 Me fekk gå i land – hugsar best New Orleans
22:04:00 Det var noen få andre kvinner ombord – salongpiker
22:50:00 Neste båt gjekk mellom Japan og Australia – reiste over Nordpolen
24:00:00 MS Aino – C.H.Sørensens & sønner, Arendal
24:40:00 Henta kol i Newcastle, Australia – hadde god tid til å gå i land der
25:09:00 «Fyrst i land og sist ombord»
25:35:00 Mannskapet var veldig beskyttande når me var i land
26:10:00 Det var endel synleg fattigdom å sjå i japan
26:25:00 Mission to Seamen i NewCastle var veldig hyggelige. Fikk venninne
27:15:00 Fekk også venner i Japan – var med ein familie heim i fleire dagar
28:02:00 Blei tatt imot med bad i ein stor stamp
30:10:00 Ingen minner om kald krig i japan eller Australia
30:45:00 Kontakten med Rogaland Radio kunne vera vanskeleg i Asia

telegram om frakt, av- og påmønstring, proviant, bunkring, los
32:20:00 Mannskapslister og helsekort mm når folk skulle i land

Me måtte og bestilla kor mykje penger me skulle ha på kvar plass
32:58:00 Under land var det mest arbeid som sekretær for skipperen
33:30:00 Det var 30-40 mann ombord, og det var rekneskap for kvar av dei
34:08:00 Hugsar berre ein som var misnøgd – ba han sjekka med rederiet
34:49:00 Utanom rekneskapet var det telegram
35:42:00 Me fekk nyheiter og vermelding kvar dag -
36:50:00 Me henta jo vermelding lokalt og – eg plukka ein gong opp melding om storm
37:35:00 Eg var sjøsjuk i dårleg ver dei fyrste dagane – så gjekk det over
38:16:00 Miljø ombord – me hadde sosiale samvær. Mykje soling

Golf. Ein gong laga med badebasseng
39:34:00 Velferden kom – Brev, aviser mm. Dei kom også ut på reia
40:47:00 Det var ikkje mange andre norske båtar å sjå
41:15:00 I Gulfen var eg ombord i ein russisk båt – dei hadde mange radiostasjonar
42:38:00 Ein gong virka ikkje radiostasjonen – eg måtte bruka naudsendar
44:02:00 «Tør du dette Gnista?»
45:13:00 Daglege rutinar – nødkanalane,
46:39:00 Fanga berre opp naudsignal ein gong
47:12:00 Rekneskap – det skulle førast rekneskap for kvar mann
48:05:00 Skipperen bestilte penger, agenten kom med dei til meg – eg delte ut
49:26:00 Heimreise frå Japan – misforsto - kom til flyplassen eit døgn for tidleg
51:18:00 Hugsar berre hovudgata i Tokyo
51:56:00 Det var billeg med kamera, platespelar osv – kjøpte lysbildeapparat
52:50:00 Det var godt å koma heim!
53:16:00 Enno ingen kjærast. Men mange fann kjærast i handelsflåten. Eg og – seinare
54:34:00 Sat på toget heimover og såg på naturen – det var så vakkert!
55:30:00 Flink å spare på sjøen – men pengane gjekk fort heime

Kjøpte bil – kontant - «som andre kjøper ei colaflaske»
57:20:00 Neste tur - halvtanna år med MT Polarsol, Melsom & Melsom (Larvik)
57:52:00 Gulfen – Japan – Europa. Måtte gå rundt Afrika

(33.900 tdw.)
58:56:00 Dødsulykke ombord – stor bylgje slo i hel tømmermannen
59:50:00 Eg fikk kontakt med fransk marine som hadde lege. Dei rakk ikkje fram.
00:35:00 Telegrafisten var viktig i ein slik situasjon – kontakt med Haukeland Sjukehus
01:51:00 Fekk reaksjon etterpå – det kunne lett ha gått ti mann i den ulykka
02:36:00 Undervannsbølge – og båten var lasta
02:59:00 Turen rundt Afrika tok 30 døgn, med ein liten stopp på reia i Cape Town
03:46:00 Det kunne røyna på psyken med slike lange turar
04:10:00 Greit å vera kvinne til sjøs – men på nokre båtar var der alkohol...
05:09:00 Det hendte at folk drakk når me gjekk frå land
Ein gong heldt me på å kollidera
06:38:00 Traff mannen ombord – gifta oss etter at me kom heim
08:18:00 Me seilte i same rederi – men på ulike båtar. I 73 var me på same båt
09:29:00 Merka utlengten etter at eg gjekk i land i 73.
10:21:00 Radiograf
11:05:00 Vidaregåande – skreiv oppgåve om Nortraship og krigsseglarane
11:45:00 Eg hadde ein krigsseglar i familien. Torpedert to ganger. Øydelagt psykisk.
12:45:00 Eg intervjua ein sjømann i Kristiansand. Opptaket er tapt – men alt er skrive ned
13:35:00 Reiselysta: Heit frå me var små, reiste me kvar sommar...
14:15:00 Mannen min har seilt sidan han var 15 – alltid jobba i sjøfarten
15:07:00 Eg har ei teikning etter mor – av ein morsenøkkel. Eg fekk det med morsmelka
15:51:00 SLUTT

1-3 of 3