2018‎ > ‎

Ingebjørg Sæther

lagt inn 24. apr. 2018, 04:57 av Bjørn Enes   [ oppdatert 30. apr. 2018, 00:43 ]

Ingebjørg Sæther vart fødd i Sauda, og sjølv om store deler av oppveksten var i Vegårshei, var ho med familien attende til Sauda kvar einaste sommar. Det var også dit ho drog dit då måtte reisa heimefrå som 14-åring for å gå på realskulen. 18 år gamal reiste ho til England eit år for å arbeida og læra språk. Då ho skulle velgja utdanningsveg, tenkte ho lenge på helsevesenet – men valde å søka Telegrafistskulen i Kristiansand i staden.

Der begynte ho i 1963, i ein klasse der fleirtalet var jenter (11 av 18). Ho fortel om fagkretsen på skulen. Morsetrening var det absolutt største faget. Eksamenskravet var 100 morseteikn i minuttet på tekst, 80 teikn på kodar. Ho fortel om radiostasjonen dei hadde på skulen, og forklarar omgrep som kallefrekvens og arbeidsfrekvens, kallesignal og prosedyrebok. Dei var og på studietur til Rogaland Radio.

Såvidt ho hugsar, klarte heile klassen eksamenskravet. Det var stor rift om telegrafistar, «reiarane sto nærast på trappa og plukka oss opp». Hennar fyrste båt var motortankaren «Anco Swan» frå Iver Bugges rederi i Larvik. Båten låg på reia i Liverpool - dei hadde venta på henne i to døgn då ho kom fram. Ho fekk ei kjapp omvising i radioromet medan taxibåten venta på han ho skulle løysa av – og så var ho overlatt til seg sjølv. Men det gjekk greit – det var god kontakt på heile turen over Atlanteren. Og det var ein eventyr å koma til USA. Dei var i New Orleans og Houston på fyrste tur. Det var valkamp – ho hugsar særleg eit opptog for republikanaren Barry Goldwater. Ho hugsar også at dei fekk delt ut kaldkrigs-propaganda mot kommunistane.

Fyrste tur var berre eit vikariat, fram og attende over Atlanteren. Det var neste tur som vart den eigentlege starten på sjøfartslivet. Båten var bulkskipet MS «Aino» frå C.H. Sørensens rederi i Arendal, som gjekk mellom Newcastle, Australia og Japan med kol. Det var god tid i land i begge endar, og Ingebjørg fekk ryktet om å vera den som var fyrst i land og sist ombord: Ho knytta kontaktar og venskap i begge endar av ruta – ho har endå kontakt med ei australsk venninne frå den tida.

Kontakten med Rogaland Radio kunne vera vanskeleg i Asia. Ho fortel inngåande både om dei daglege rutinane i sjø og under land, og om dei ulike oppgåvene ho hadde som telegrafist. Ho hadde mellom anna ansvar for timerekneskapet og lønsutbetalingane til kvar av mannskapet. Ho fortel om og ein episode då radioen svikta. Ho måtte bruke naudsendar og få hjelp av ein telegrafist på ein annan båt i nærleiken for å koma i kontakt med rederiet og få instruksjonar om korleis hovudsendaren kunne reparerast.

Stort sett var det uproblematisk å vera kvinne ombord. Som regel var der også salongpiker, så ho var sjeldan aleine. Mannskapet var veldig beskyttande når dei var i land. Men på nokre båtar var der alkohol, og det kunne vera svært vanskeleg. Ikkje berre for kvinnene – sjølv om folk tok ansvar viss andre var fulle, så var det eit mirakel at det gjekk godt nokre gonger. «Dette må også koma fram, synest eg».

Den alvorlegaste hendinga ho var ute for var på MT «Polarsol», Melsom & Melsom, Larvik. Tømmermannen var i arbeid framme på bakken. Dei var på veg nordover, nordaust for Afrika, då det kom ei kraftig undervassbylgje. Skipet var fullt lasta og låg lågt i sjøen, så bylgja slo inn over forskipet. Bylgja var så kraftig at tømmermannen blei stygt skadd. «Eg fekk kontakt med eit fransk marinefartøy som hadde lege ombord. Men dei rakk ikkje fram...» Tømmermannen døydde. Båra vart sendt heim frå Djibuti. 

Ho møtte han som skulle bli mannen hennar ombord. Dei segla ei stund i same rederi, men i 1973 mønstra ho av for godt for å vera heime med borna. Seinare tok ho ny utdanning – og havne i helsevesenet likevel.

Intervjuopptaket vart gjort i intervjustudioet i Bergen Bibliotek den 18. april 2018. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet.

Ingebjørg Sæther:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 
https://vimeo.com/266098988#t=1h6m38s ) 

  
00:00:00 Født i Sauda – oppvekst i Vegårdshei, tilbake til realskule iSauda
01:22:00 Industrisamfunnet Sauda
02:49:00 Reiste til England 18 år gammel, arbeidde der eitt år
03:47:00 Var litt tvil om utdanning, men bestemte meg for Telegrafistskolen
04:15:00 1963/64, til Kristiansand – hybel i Fritz Jensensgt
04:40:00 Flertallet av klassen var jenter – (11 av 18) - få hadde fartstid
06:20:00 Tjue timar i veka var morsetrening – det var viktig å få inn rytmen
07:56:00 Til eksamen måtte me klara 100 teikn i minuttet på tekst, 80 på koder
08:49:00 Me kunne be om repetisjon viss me ikkje oppfatta eit teikn
10:03:00 Alle i klassen klarte krava
10:30:00 Radiostasjonen på skulen -
11:04:00 Me lærte også om kallefrekvens og arbeidsfrekvens
11:46:00 Kvar båt hadde eit kallesignal på fire teikn -
12:10:00 Rogaland Radio hadde kallesignalet LGB
12:30:00 Me hadde ei prosedyrebok
13:05:00 Atmosfæriske forhold hadde svært mykje å sei for kontakten
14:05:00 Studiebesøk på Rogaland Radio
15:13:00 Folka på Rogaland Radio var veldig flinke – de plukka oss opp
15:45:00 Det var stor etterspørsel etter telegrafistar
16:00:00 Fyrste båt var MT «Anco Swan». Bugge Rederi i Larvik. (Mest smøreoljer)
16:50:00 Reiste til Liverpool, der låg båten på reia i to døgn og venta på meg
17:17:00 Han som eg skulle avløysa forklarte litt medan taxibåten venta....
19:00:00 I Atlanteren var der god kontakt på radioen
19:38:00 Det var valgkamp i USA – stort opptog for Barry Goldwater
20:17:00 Kald krig – veldig propaganda mot kommunistane
20:50:00 Me fekk gå i land – hugsar best New Orleans
22:04:00 Det var noen få andre kvinner ombord – salongpiker
22:50:00 Neste båt gjekk mellom Japan og Australia – reiste over Nordpolen
24:00:00 MS Aino – C.H.Sørensens & sønner, Arendal
24:40:00 Henta kol i Newcastle, Australia – hadde god tid til å gå i land der
25:09:00 «Fyrst i land og sist ombord»
25:35:00 Mannskapet var veldig beskyttande når me var i land
26:10:00 Det var endel synleg fattigdom å sjå i japan
26:25:00 Mission to Seamen i NewCastle var veldig hyggelige. Fikk venninne
27:15:00 Fekk også venner i Japan – var med ein familie heim i fleire dagar
28:02:00 Blei tatt imot med bad i ein stor stamp
30:10:00 Ingen minner om kald krig i japan eller Australia
30:45:00 Kontakten med Rogaland Radio kunne vera vanskeleg i Asia

telegram om frakt, av- og påmønstring, proviant, bunkring, los
32:20:00 Mannskapslister og helsekort mm når folk skulle i land

Me måtte og bestilla kor mykje penger me skulle ha på kvar plass
32:58:00 Under land var det mest arbeid som sekretær for skipperen
33:30:00 Det var 30-40 mann ombord, og det var rekneskap for kvar av dei
34:08:00 Hugsar berre ein som var misnøgd – ba han sjekka med rederiet
34:49:00 Utanom rekneskapet var det telegram
35:42:00 Me fekk nyheiter og vermelding kvar dag -
36:50:00 Me henta jo vermelding lokalt og – eg plukka ein gong opp melding om storm
37:35:00 Eg var sjøsjuk i dårleg ver dei fyrste dagane – så gjekk det over
38:16:00 Miljø ombord – me hadde sosiale samvær. Mykje soling

Golf. Ein gong laga med badebasseng
39:34:00 Velferden kom – Brev, aviser mm. Dei kom også ut på reia
40:47:00 Det var ikkje mange andre norske båtar å sjå
41:15:00 I Gulfen var eg ombord i ein russisk båt – dei hadde mange radiostasjonar
42:38:00 Ein gong virka ikkje radiostasjonen – eg måtte bruka naudsendar
44:02:00 «Tør du dette Gnista?»
45:13:00 Daglege rutinar – nødkanalane,
46:39:00 Fanga berre opp naudsignal ein gong
47:12:00 Rekneskap – det skulle førast rekneskap for kvar mann
48:05:00 Skipperen bestilte penger, agenten kom med dei til meg – eg delte ut
49:26:00 Heimreise frå Japan – misforsto - kom til flyplassen eit døgn for tidleg
51:18:00 Hugsar berre hovudgata i Tokyo
51:56:00 Det var billeg med kamera, platespelar osv – kjøpte lysbildeapparat
52:50:00 Det var godt å koma heim!
53:16:00 Enno ingen kjærast. Men mange fann kjærast i handelsflåten. Eg og – seinare
54:34:00 Sat på toget heimover og såg på naturen – det var så vakkert!
55:30:00 Flink å spare på sjøen – men pengane gjekk fort heime

Kjøpte bil – kontant - «som andre kjøper ei colaflaske»
57:20:00 Neste tur - halvtanna år med MT Polarsol, Melsom & Melsom (Larvik)
57:52:00 Gulfen – Japan – Europa. Måtte gå rundt Afrika

(33.900 tdw.)
58:56:00 Dødsulykke ombord – stor bylgje slo i hel tømmermannen
59:50:00 Eg fikk kontakt med fransk marine som hadde lege. Dei rakk ikkje fram.
00:35:00 Telegrafisten var viktig i ein slik situasjon – kontakt med Haukeland Sjukehus
01:51:00 Fekk reaksjon etterpå – det kunne lett ha gått ti mann i den ulykka
02:36:00 Undervannsbølge – og båten var lasta
02:59:00 Turen rundt Afrika tok 30 døgn, med ein liten stopp på reia i Cape Town
03:46:00 Det kunne røyna på psyken med slike lange turar
04:10:00 Greit å vera kvinne til sjøs – men på nokre båtar var der alkohol...
05:09:00 Det hendte at folk drakk når me gjekk frå land
Ein gong heldt me på å kollidera
06:38:00 Traff mannen ombord – gifta oss etter at me kom heim
08:18:00 Me seilte i same rederi – men på ulike båtar. I 73 var me på same båt
09:29:00 Merka utlengten etter at eg gjekk i land i 73.
10:21:00 Radiograf
11:05:00 Vidaregåande – skreiv oppgåve om Nortraship og krigsseglarane
11:45:00 Eg hadde ein krigsseglar i familien. Torpedert to ganger. Øydelagt psykisk.
12:45:00 Eg intervjua ein sjømann i Kristiansand. Opptaket er tapt – men alt er skrive ned
13:35:00 Reiselysta: Heit frå me var små, reiste me kvar sommar...
14:15:00 Mannen min har seilt sidan han var 15 – alltid jobba i sjøfarten
15:07:00 Eg har ei teikning etter mor – av ein morsenøkkel. Eg fekk det med morsmelka
15:51:00 SLUTT
Ċ
Bjørn Enes,
24. apr. 2018, 04:58
Comments