2018‎ > ‎

Kjersti Selvik Wengshoel

lagt inn 6. mai 2018, 00:32 av Bjørn Enes   [ oppdatert 6. mai 2018, 00:40 ]
Kjersti Selvik Wengshoel begynte i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990, som vaskedame på ferja som den gongen gjekk mellom Lauvvik, Forsand og Oanes. Etterkvart løyste ho meir og meir av på dekk, og mot slutten av 90-talet fekk ho tilbod om å ta maritim linje på vidaregåande skule saman med fire andre frå same bygd og rederi (Forsand)

Ho var småbarnsmor då ho jobba på ferja. Det var mogleg, takk vera svigermor som flytta heim til dei når ho var på sjøen og mannen var i Nordsjøen. Heilt til borna vart vaksne, stilte svigermor opp.

Kjersti fekk styrmannspapir i 2001. Ho måtte mønstra som matros eit år, for fartstida vart ikkje godkjend - ho hadde aldri blitt mønstra om frå «hjelpebetjent» gjennom dei ti åra på ferja. Men midt i turistsesongen i 2002 fekk ho si fyrste hyre som styrmann, på cruiseferja i Lysefjorden.

«Der var open bru. Det krydde av folk rundt meg då eg skulle leggja til land fyrste gong...»

Men det gjekk bra, og ho avanserte heilt til kaptein på Hjelmelandsferja før ho sa farvel til Stavangerske og søkte seg ut på ope hav.

«Eg hadde ikkje mykje tru på at eg skulle klara det – eg hadde jo berre seilt inni fjordane,» Men så ringte altså mannskapssjefen i dåverande Trico Marine. Han hadde høyrt om henne, sa han. Ho anar enno ikkje kva som var forhistoria, men styrmannshyre fekk ho. Ho skryt svært, både av skipperen ombord og rederiet. Dei var stasjonert i Aberdeen og jobba i britisk sektor. Møtet med alle faguttrykka og dei skotske dialektane var tøft. Ho forsto ikkje eit ord av det dei sa på VHFen.

«Berre svar oki doki, sa skipperen – det kjem etter kvart.» Og det gjorde det. I dag har den skotske aksenten sett seg fast i engelsken hennar.

Men ein dag fekk dei høyra at båten - «Northern Gambler» - skulle selgjast. Ho såg svært mørkt på situasjonen då – men alt då ho kom heim, fekk ho tilbod om ny jobb. Den same mannskapssjefen hadde sett utviklinga og bytta jobb – og nå ville han ha henne med seg over i Bourbon Group.

Der fekk ho fyrst eit år på supplybåt i Angola. Det var inga god oppleving. Kjemien var dårleg ombord, og det var dårlege relasjonar til det angolanske ekstramannskapet som det var krav om å ha med. Reisene til og frå var audmjukande, og kommunikasjonane var så dårlege at det var slitsomt å tenkja på borna heime – om noko skulle henda.

Ho ba om ny jobb – og havna i Kina, for å henta eit nybygg. Det var i svært dårleg forfatning, og det var vanskeleg å få verftet til å gjera det sjøklart. Etter seks veker kom dei seg avgarde – dei kom seg til Danmark, men der vart det tre nye månader på verkstad. Og då båten til sist kom heim, var det rett på verkstad igjen. «Det hadde nok lønt seg å byggja i Noreg».

Ho sa neitakk til ein ny Kina-tur – og jatakk til ny jobb i Havila. Og dermed var det tilbake til Nordsjøen. I alt var ho i supplyflåten i 13 år. Heile tida var det ei rivande teknologisk utvikling. Men ho såg at deg bar gal veg, for reiarane kontraherte alt for mange skip. For hennar del var det slutt i 2016. Då vart ho arbeidslaus for fyrste gong sidan ho begynte å vaska på ferja i Forsand.

«Det var deprimerande. Der var ikkje mange jobbar å søka på for ein navigatør. Og mitt liv er å segla...»

Men så – endå ein gong – var det som om Forsynet greip inn. Ho fekk ein epost frå Hurtigruten, om ho var interessert i ein prøvetur. Det var noko heilt anna enn alt ho hadde gjort før. Det er ein veldig krevjande fart – du må læra heile norskekysten utanat for å bli ein god styrmann der. Men ho fekk fast jobb etter tre månader. Og ikkje lenge etter fekk ho bytta til cruise, slik at store deler av vinteren er ho på langfart i Antarktis.

«Eg har aldri angra på at eg blei sjømann!» avsluttar ho.

Opptaket vart gjort i biblioteket på Oljemuseet i Stavanger den 27/2 2018.  Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet. Der er periodevis noko bakgrunnsstøy under intervjuet. 

Kjersti Selvik Wengshoel:

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:  
https://vimeo.com/227415646#t=2h39m15s ) 


Tidskodar: Tema:
00:00:00 Begynte som vaskedame i Stavangerske Dampskipsselskap i 1990
01:10:00 Begynte på dekk etter 10 år – tilbod om styrmannskole
02:00:00 Begynte på ferja i Lysefjorden
02:20:00 Tobarnsmor – fortsette å segla som småbarnsmor
03:05:00 Svigermor flytta inn når mannen var i Nordsjøen
03:20:00 (Me var fem som hadde studiering saman)
05:20:00 Bondejente – vaks opp på gard
06:20:00 Tok kokkeutdanning
07:20:00 Men angra litt – ville heller noko anna. Blei mor 18 år gamal
08:30:00 Begynte på ferja då den eldste var eitt år – han var med
08:50:00 Venninna tok ferja kvar dag -. ho tipsa om ledig vaskejobb
09:37:00 Kem hadde trudd det i 1990, at eg skulle bli både styrmann og kaptein?
10:08:00 På ein liten plass som Forsand går det an å få dagmamma
10:43:00 Vasking var i sjøen – storvask var på nattetid under land
11:50:00 Var mønstra som hjelpebetjent – fekk ikkje godkjent fartstida
12:50:00 Vi og dekksfolka gikk om kvarandre – ingen hard overgang
13:10:00 Matros på ferja er rimelig enkelt i forhold til f.eks Hurtigruten
14:15:00 Eg var veldig audmjuk då eg begynte
14:55:00 Du merka jo av du var nederst på rangstigen – eg sa ganske klart ifra
16:25:00 Eg kjempa for fleire vasketimar – til slutt taua kapteinen meg inn...
17:25:00 Etter nokre år fekk eg tilbod om vidareutdanning
18:20:00 Eg har alltid vore einaste jenta – du må vera litt tøff
18:33:00 Me damer må bevisa meir enn mennene
19:10:00 Det var ikkje slik på ferja – dessutan var eg vant til å få kjeft heimefrå...
20:18:00 Når me er 19 veit me ikkje så godt kor grensene går
20:33:00 Eg har aldri glømt ho jenta på 19 som starta som vaskedame
21:30:00 Metoo: Eg har vel opplevd verre ting enn ein SMS på nattestid....
22:00:00 Eg har alltid vore yngre enn dei mennene eg har arbeidd med -
22:19:00 Eg er veldig åpen – men det kan lett bli misforstått
22:56:00 - så eg har opplevd mange tøffe ting.
23:30:00 Eg synest at kolleger skal ha respekt for kvarandre

Skjer det overtramp, gir eg knallhard beskjed
24:09:00 Dessverre er der nokre som ikkje forstår.
24:45:00 Eg tenkjer på dei som kjem etter – eg håpar på fleire damer til sjøs
26:00:00 Joda – du skal vera tøff
28:26:00 Me var fem stykk frå Forsand på styrmannskolen – gamle VK2 og VK3

Me drog kvarandre fram
28:17:00 Frustrasjonar undervegs – eg hadde ingen praktisk erfaring
29:30:00 Men når du vil, er det utruleg kva du får til ...
30:30:00 Fekk papirane i 2001, då var eg 30 år
30:53:00 Fekk fyrste styrmannshyre på cruiseferja i Lysefjorden
31:47:00 Der var open bru på gamle Lysefjord.. det var fullt av folk der
32:59:00 Sjølvtillit er ikkje noko som kjem av seg sjølv....
34:16:00 Gamal båt frå 1968 – ikkje mykje å hjelpa seg med
35:24:00 Hjelmelandsferja – kapteinen hadde veldig tru på meg
36:08:00 «Når eg går av med pensjon, skal Kjersti ta over»
37:14:00 Men når du seiler inni fjordane får du ikkje oppgradert sertifikata
38:14:00 Eg såg på ein verkeleg sjømann som ein som seilte jorda rundt
39:35:00 Så fekk eg telefon frå mannskapssjefen i Trico Marine
41:03:00 Heile mannskapet skulle møtast i Bergen
41:42:00 Fyrsteinntrykket av kapteinen – «Her kjem sjefen sjølv»
42:32:00 Eg var vand med å hiva på meg kjeledressen
43:20:00 Fyrste tur med skotsk språk på VHFen
44:28:00 Mannskapet var norsk – eit fantastisk gjeng
45:14:00 Trico Marine var også eit fantastisk rederi
45:35:00 Eg var tillitsvald – rederiet var stolte over at eg hadde verv i forbundet
46:34:00 Eg har vore heldig – og eg har vore uheldig. Slik er livet
47:40:00 I offshoreflåten finst lite hierarki – på passasjerskip mykje meir
48:08:00 Godt lagspel er god balanse. Men alle veit kven som er kapteinen
48:40:00 Veldig stor forskjell på norske båtar og andre – f. ex. Bulgarsk
49:05:00 Eg og kapteinen var norske – resten var bulgarar
50:40:00 Men når me fyrst hadde fått tillit, vart eit det veldig godt forhold
51:13:00 Dei sto åtte veker på kvar tur. Eg krevde at dei skulle få reduksjon
52:12:00 Til slutt fekk eg gjennomslag – dei fekk redusert periodane til fem veker
52:57:00 Dei såg på meg på ein heilt annan måte etterpå
53:27:00 Trico slutta veldig trist – amerikanarane selde dei norske båtane
54:10:00 Me kom ombord på «Northern Gambler» og fekk høyra at båten var seld
54:50:00 Den dagen eg kom heim, fekk eg telefon om ny jobb
55:43:00 Me hadde det forferdelig på heimvegen
56:58:00 Du skal jo vera heldig viss det skal gå godt med alle ombord...
57:24:00 Viss der er dårleg kjemi i styrehuset er det veldig slitsomt
59:10:00 Eit år i Angola var svært vanskeleg
ein time
00:15:00 Fattigdomen der gjorde det også vanskeleg
00:27:00 Men eg ville ikkje vore utan den livserfaringa
01:25:00 Eg tenkte på å reisa tilbake for ein hjelpeorganisasjon
02:16:00 Ein sjømann reiser mykje – og ser baksida av medaljene
03:10:00 Mange vanskar i Afrika, alt tok tid
03:40:00 Angola kravde at me skulle ha lokalt mannskap i tillegg til vårt eige
04:25:00 Dei gjorde opprør – dei såg med hat på alle kvite
05:15:00 Tollarane tok meg ut kvar einaste gong – me skulle audmjukast
06:06:00 Du skal helst vera godt førebudd for å jobba der
06:20:00 Det er den staheten. Hadde eg fått oppdraget, skulle eg fullføra
07:20:00 Kommunikasjonane var dårlege - Det var vanskeleg å ha familie heime
08:35:00 I Bourbonne Group skulle eg på i nybygg – men dei var forskinka
09:15:00 Var i Kina i sju veker for å gjera båten klar – mykje var øydelagt

Me klarte å segla han til Danmark – der måtte han på verkstad

Det ville nok ha lønna seg å bygga båten i Noreg
11:06:00 Me blei ikkje høyrde – eg såg inga framtid der og slutta
12:20:00 Då begynte eg i Havila, tilbake i Nordsjøen
13:03:00 13 år i offshore – st var store endringar – teknologien blomstra
13:53:00 Heile utviklinga fra joystick til full DPS. Men ingenting veks til himmels
14:32:00 Reiarane kontraherte for mykje, me såg kor det bar lenge før bobla sprakk
16:44:00 Me var i britisk sektor, under Bahamasflagg. UK stramma inn
17:22:00 Me var berre to norske igjen – så ble me og sett i land 2016
17:50:00 Då blei eg arbeidsledig for fyrste gong. Eg trudde aldri eg kom ut att
18:45:00 Det var ikkje mange jobbar å søka på – tilbake til ferjene....
19:25:00 Eg gjekk seks månader utan jobb – mitt liv er å segla
20:35:00 NAV fant ein jobb som mannskapssjef i Molde. Måtte eg gå frå huset?
21:15:00 Men så fekk eg mail frå Hurtigruta – send inn papira
22:10:00 Det vart ein stor forskjell -
22:40:00 Hurtigruta har papirkart – beste måten å læra på.

34 havner - utruleg mykje å læra. Eg var veldig audmjuk.

Kanskje var det derfor eg fekk fast jobb etter tre månader
24:18:00 Det tar mange år å læra heile kysten utanat
25:15:00 Fotografering: Eg er glad i å ta bilder
27:19:00 Antarktis: Eg måtte fornya DP-sertifikatet. Hurtigruta har ikkje DP

(DP= Dynamisk Posisjonering)
27:47:00 Ein på explorerskip ville på kysten – så bytta me
28:38:00 Eg hoppar berre oppi ting – eg har aldri fått så mykje kjeft
29:07:00 All isen er det spesielle i Antarktis – faren er å enda som Titanic
30:13:00 Når passasjerane går i småbåtar, ligg me for anker og vaktar på isen
32:10:00 Eg har blitt heilt forelska i Antarktis – lyset og fargane
33:05:00 Eg har begynt å mala og... Det gir meg positiv energi
34:25:00 Når eg blir vaksen skal eg kjøpa ein vingard – og så skal eg mala.......
35:00:00 Eg har jo tenkt mykje – men aldri angra på at eg blei sjømann.
36:04:00 Slutt
Ċ
Bjørn Enes,
6. mai 2018, 00:32
Comments