2019

Denne sida inneheld munnleg historie som er publisert i 2019. 
Rutinen er at videoopptaket er sperra med passord fram til forteljaren bestemmer at det kan fjernast. 
Spørsmål om passordet må rettast til forteljaren. 
Prosjektleiar for sjøfartsminne er Bjørn Enes, som kan kontaktast på epost bjorn.enes@memoar.no 

Intervjuopptak publliserte i 2019:

  • Halle Thon Gundersen Om bruk av materialet: Dersom nokon ynskjer å bruka dette materialet i utstillingar, vidare formidling eller publisering, må Halle Thon Gundersen kontaktast.  Halle Thon Gundersen vaks opp i ...
    Lagt inn 11. mai 2019, 22:44 av Bjørn Enes
  • Helge Brudvik Helge Brudvik gjekk til sjøs som 17-åring, på MS Taranger, tilhøyrande  Westfal-Larsens rederi i Bergen. Den gjekk i Inter Ocean Line, mellom Europa og den amerikanske austkysten ...
    Lagt inn 10. mai 2019, 06:04 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 2 av 2. Vis mer »

Halle Thon Gundersen

lagt inn 30. apr. 2019, 06:11 av Bjørn Enes   [ oppdatert 11. mai 2019, 22:44 ]

Ha
lle Thon Gundersen vaks opp i ein familie som hadde sjøsport som hobby, og han bestemte seg tidleg for ein yrkesveg til sjøs. Som 16-.åring hadde han utvida julefeirie frå skulen, og tok jobb på TS “Leda”, fyrst som hjelpegut i byssa og så på dekk. “Båsen kurerte meg for sjøsjuka - han drog meg ut av køya, festa ein pøs rundt livet på meg, kommanderte meg i arbeid, og sa: Ikkje spy på dekk!”  

Det blei berre korte jobbar i starten, for han ville ta ei god utdanning før han gjekk til sjøs for godt. Han tok realartium, fyrstegongsteneste i 1970 og deretter Sjøkrigsskulen.

Heime på perm ein gong i 1976, gjekk han innom kontoret til Bergenske Dampskipsselskap på Bradbenken og sa at om dei hadde bruk for han var han interessert. Og ein mørk, kald vinterdag på kanonbåt på veg til Ramsund fekk han telefon: Om han kunne tenkja seg å reisa til Pireus for å mønstra som styrmann på MS “Royal Viking Star”?

Sidan har det blitt cruise for styrmann Gundersen. Då Kloster kjøpte SS “France” i 1979 fekk han jobb der, og var med på ombygging og klargjering i Bremerhaven før dei gjekk til Oslo for omdøyping til SS Norway. I 1982 avanserte han til Staff Captain der. Han ambulerte ei tid mellom Norway og “de hvite skipene”  - (”MS Southward” og “MS Starward”) før han i 1986 blei kaptein på MS “Sunward II

Der fekk han ein dag ein telefon frå rederiet - med beskjed om at heile mannskapet skulle seiast opp, bortsett frå han sjølv. Han karakteriserar utflaggingane som “noe av det minst hyggelige” i heile sitt sjøfartsliv. Sidan har han svært ofte vore einsam nordmann på dei båtane han har ført.  

I 1988 blei han bedt om å reise til Finland for å fylgje bygginga av “Royal Viking Sun”. Det skipet kjenner han så å seie frå kjølen ble strekt, (vel - dei strekker ikkje kjøl på nybygg lenger.  Skipet blei bygd i seksjonar som så blie sette saman omlag som Lego klossar) . Sidan blei han stort sett ståande ombord der. Båten skifta rederi og blei omdøypt fleire gonger, men kaptein Gundersen fylgde med.


Han er ein god forteljar, og svært mange av forteljingane han serverar i dette intervjuet handlar om Royal Viking Sun / Seaborn Sun / Prinsendam.

Men før det, på Royal Viking Star i 1977, var han med på utprøving av Magnavox satelittnavigator. Den gong var det berre seks satelittar som sende posisjonssignal, og navigatoren måtte kombinera dei med signal frå Omega-systemet. Tre sivilie skip tok del i utviklingsarbeidet, og dei var altså det eine. (Dei andre var MS "Queen Elisabeth II" og tankskipet SS "Manhattan") Han fortel om ei landing i tett tåke Jacksonville, Florida der dei for fyrste gong fann ei bøye på rein elektronisk navigasjon.

Han gir fargerike skildringar av cruiselivet, av kjende personar som har vore ombord og av hendingar og ikkje minst stader han har fått oppleve i denne spesielle formen for skipsfart. “Det er ikkje mange stader med saltvatn som eg ikkje har vore på!”

Sjå meir detaljar om enkeltforteljingane i loggen under videovindauga.


Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen off. bilbiotek den 10 april 2019. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort logging og tekstarbeid.


Halle Thon Gundersen - Del 1:


Halle Thon Gundersen - Del 2

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 


0:00Familien alltid interessert i båtliv
1:05Aldri hatt sans for segling. Betre med motor
1:40Jobba på Leda som hjelpegutt i byssa som 16-åring . Sjøsjuk
3:03Dekk på Leda - båsen Kausland frå Sotra kurerte sjøsjuka
5:05Har aldri forsøkt å kurere andre med metoden (1963)
Gjekk i baren på fyrste klasse - ingen hadde sagt det var galt
8:10Kanskje det var noko gale - alle kom opp og kikka...
8:35Neste morgon - ein eldre kar så sint at han ikkje fekk fram eit ord
10:14Leda var bygd slik at ho kunne gå for full maskin i storm
11:15Gjekk vidare på skule - realartium og varneplikt i 1970 -
12:05Ville på sjøen - men ville ha utdanninga bak meg fyrst
12:20Blei lettdykkar i Forsvaret. Dykkarsertifikat nr 58. Mange gjekk til Nordsjøen
13:40Sjøkrigsskulen og hadde teneste fram til 1977 - gikk innom Bergenske
14:20Rederikontoret på Bradbenken - 1976
15:06I 1977, på ein kanonbåt på veg til Ramsund - ringte dei med tilbod om jobb i Hellas
16:44Royal Viking Star i 1977. Satelittnavigering hadde begynt - men berre seks satelittar
17:45Magnavox satelittnavigator - kompenserte manglande satelittsignal med Omega
Royal Viking var med å utvikle versjon 11.02 og 11:05 - to andre Manhattan og Queen Elisabeth II
19:50Vi fann ut at US Coastguard sine tabellar var var feil
20:36Tåke i innseglinga Jacksonville - fann bøye med rein elektronisk navigasjon.
21:45Største skip til då i flytedokk iJacksomville - måtte tømme bunkers for å koma inn
22:34Trang begynnelse på Royal Viking Star - skulle ankre i Lahaina, Hawaii
23:45Har du purra losen? "Lugarnummeret til losen som kom ombord?"
25:50"You are the pilot?"
28:14Alaska - med same skipper. Eg hadde gløymt å skru på varmen i bassenget..
30:23"Manhattan" gjekk gjennom Nordvestpassasjen med Magnavox
31:20I 1979 kjøpte Kloster SS France. Eg søkte styrmannsjobb - og fikk han.
31:47SS France var bygd i 1963 - historias lengste passasjerskip - alt var perfekt - 30 knop stort sett uansett sjø - historias peneste
35:20Kloster ville ha meg til å vikariera - mor døydde, fekk ikkje reise heim i fyrste havn. Kort etter døydde far -
37:40Var med på oppgraderinga av SS norway i 1980. Bremerhafen
38:20Profesjonelle brannfolk ombord. lettare å gjera sjøfolk av brannfolk enn motsatt
38:50Overlapping med fransk sikkerhetssjef
39:55Fekk høgdeskrekk i skorsteinen på SS Norway Bremerhaven
42:55Store ombyggingar av SS Norway - tok ut det eine av to maskinror. Bygde soldekk
44:20Olav V skulle heise FN-flagget i Oslo då båten var ferdig - "Det skal vel ikkje i gaffelen?"
45:50Stadig branner ombord - båten var ikkje ferdig - blackout fleire gonger - men til sist blei det veldig sikkert
46:40 Då me skulle gå frå dokk i Bremehaven ville inspektøren stoppe - men telefonen for ut gjennom den åpne ventilen...
48:40Staff captain i 1982, etter periode som overstyrmann.
49:00Ann Murray kom ombord for Christmas Show - helikopteret måtte landa på soldekket
50:08 Eg synger til Ann Murray - Christmas Special 1983 - på YouTube .
51:05Ambulerande staff captain på SS Norway og De hvite skipene (Starward og Southward)
51:38Fra 1986 kaptein på MS "Sunward 2"
51.50Utflagginga - telefonen: "Be gnisten om å gå ut...."
53:10Dei norske sjøfolka var profesjonelle - lærte opp dei nye, og gjekk med løfta hovud.
53:26Etterpå har eg ofte vore einaste norske ombord på skipene. 
53:50Kloster Line kjøpte Royal Viking Cruise i 1987. Eg fekk tilbod om å gå tilbake til dei gamle skipene mine
54.10Alle stader der det er saltvatn, har eg vore, stort sett.
55:20Tristan da Cunha - Med Royal Viking Sun. Berre mogleg å landa med Zodiac. Leigde dei dei hadde.
01:01:10Verdenscruise med samme passasjerar i fleire månader blir som ein famiile
01:01:40Presidenten i Royal Viking Line i San Fransisco ville ha ein kaptein i land som rådgjevar.
Jordskjelvbekymring
01:03:30Flykapring hadde begynt - Kapring av skip var venta. Eg fekk i oppdrag å læra anti-kapring av flyselskap
01:06:20i Atlanta lagde dei ein instruksjonsfilm om kapring - eg fekk rolle som federal agent.
01:07:20Filmen blei selt til alle flyselskap - flygarar over heile verda kjente meg att
01:08:39Vinteren 1988 til Turku i Finnland for å fylgje bygginga av Royal Viking Sun
01:10:00Eit heilt unikt skip - balkonger til alle lugarane i overbygget. Lite djuptgåande - god i sjøen
01:10:50Collapsable mast (nedleggbar mast) - stor nok spisesal til alle
01:11:30Skifta rederi ofte - ofte fylgd skipet over i nye rederi
01:12:08Fylgde Royal Viking Sun frå scratch og i alle år. 
01:12:581991 var vi tre kapteinar på to skip i Royal Viking Line - eg var halve tida på Sun og halve tida på Queen.
01:13:38Cunard kjøpte Sun i 1994. Eg fylgde med - gjekk på Sun og Sea Godess 2
Sea Godess var de Lux-skip - berre 100 passasjerar - men berre gangvei på styrbord side
01:14:50Brua var stappfull av folk - eg og losen diskuterte - passasjerane blanda seg inn
01:17:40Cunard kjøpte Royal Viking Line. Dei ville halda på ørna i Viking-logoen, men med Cunard-fargar
01:19:471995 - "The three captain's roadshow" - om samarbeid med British Airways og Concord,
01:24:16Ei gang i NY - radiointervju "møt i uniform" - Concord-kapteinen kom ikkje. Eg "spelte" Concord-kaptein.
01:28:20Veldig gjennomslag i media
01:29:10Vi var på kurs om korleis me skulle tackla vanskelege spørsmål på TV
01:30:201995 fekk eg tilbod om leiarjobb i eit anna rederi. Takka nei - ville vera på sjøen.
01:31:40I 1996 gjekk Royal Viking Sun på grunn i Akaba-bukta. nestenforlis.
01:34:25Det ble sveisa på ei kiste over holet i skutesida. Eg skulle ta båten til Malta for reparasjon. Hjelp av dyktig egyptisk taubåtkaptein.
01:36:40Vel ute av Suez gjekk me på ei bøye med styrbord side - hang i kista.
01:38:30To månader i tørrdokk på Malta - alt måtte ut.
01:38:50I 1999 kjøpte Carnival Corp. Cunard - Royal Viking Sun fylgde med - bytta namn til Seaborne Sun
01:39:50I 2000 vart me chartra av NBC til OL i Sidney. Me låg ved Darling Harbour
01:44:10I 2001 hadde eg Armstrong og alle tre frå månelandinga ombord. Dei var på middag på skipperlugaren
01:45:02I 2002 blei det ny dåp, og Seaborn Sun blei til Prinsendam.
01:45:50Møtet med kona, som var på cruise med foreldrene. Ho lurte seg inn på eit VIP-selskap.
01:51:49Slutt
Del 2 https://vimeo.com/333328481
00:00Om å kombinere sjømannsliv og familieliv. Harde, lange jobbeøkter og lange ferier passar meg
02:12forandringar i cruisefarten
02:20Eg fekk med den gyldne tida med Kloster i Miamai
02:45Den store forandringa var computeren ombord - i dag lever du på kontoret
03:30Det er også tort sett  helt andre folk som seglar i dag - folk som kan språk og datamaskinar
04:27Kontor-organisasjonane aukar, alle skal ha rapportar. Beslutningane blir flytta på land.
05:25Tida før computeren - da hadde du mer tid til å gå rundt med mannskap og passasjerar ombord.
6:40Eg fekk være med å bygge Royal Viking Sun og å ombygge  SS Norway - i dag har de ofte  profesjonelle site-team
8:13Avgjerdsprosessane blir ikkje uklare - men av og til byråkratiske
10:05SS France var bygget som et skip - i dag vert det bygd boksar med baug på
10:57Viking Sky: eg forsto med ein gong at ein blackout der ute - mange ville ikkje ha overlevd
11:40Livbåtane er einvegs-system. Det kritiske er å koma vekk frå skipet
12:30Årsaken er klassisk. I2015 gjekk eit skip ned av same årsak som Viking sky
14:50Då eg gjekk ut av havn, f.eks. med Royal Viking Sun, venta eg alltid med å kopla om til me var godt klar av land.
16:05Samtidig har eg gått inn mange underlege stader
17:00I Bergen gjekk eg inn i Fanafjorden for å vinke til kona.....
18:35Politiet ringte - dei hadde melding om ein båt som hadde svinga feil i Lerøyosen
20:29Kom opp Langenuen - skulle også inn for å vise huset i Fanafjorden. Så var det regatta i Korsfjorden
24:10Storm med Royal Viking Queen i Svartehavet - "to stabilisatorar og eit glas vatn til  lugaren"
25:40Mange kjente filmstjerner og musikarar ombord
27:00Grekenland 2011 - mann overbord. Berekna kor han måtte vera - sendte helikopter og fann han
30:40Sjølvmord ikkje uvanleg - skoa brukar å stå etter dei
31:12 Spesielt forhold til døden. Mange gravferder.
34:50Sør av Bermuda - fann ein drivande seilbåt - hausten etter fann me den same båten
38:20Madeira - redningsaksjon - forsikringssvindel
40:22Dei kvite båtane - Bahamas: Mannskapet fiska - Fekk hai - la han i svømmebassenget ...
42:30Dokking i Shanghai - kineser snakka norsk - passasjerane trudde me kunne kinesisk
43:40 Chief tok alltid av seg skoa når han skulle på møte
45:10Malta: Ei av jentene ombord spelte tennis - eg ba agenten om å finna ein bane til oss
48:15Montreal: Eg er dårleg i tennis -
49:10Opp Amazonas med Royal Viking Queen ....
55:57Den flotteste jenta eg hadde sett....
52:30Invitasjon til flytur over jungelen. Piloten trudde eg var flygar
55:18Ein annan flytur i Kapp Horn - med ein berømt fotograf - så eg kunne litt om å fly
57:10Brasil: Flygasren forklarte - "Si!" sa eg. Så sa han at eg fekk flyga - han gjekk til dama.
59:49Der fekk me sjå kanoane til passasjerane. Flygaren tok over - han stupte ned mot dei
01:05:24Slutt

Helge Brudvik

lagt inn 2. apr. 2019, 01:51 av Bjørn Enes   [ oppdatert 10. mai 2019, 06:04 ]

Helge Brudvik gjekk til sjøs som 17-åring, på MS Taranger, tilhøyrande  Westfal-Larsens rederi i Bergen. Den gjekk i Inter Ocean Line, mellom Europa og den amerikanske austkysten. Han trivdest så godt at han blei ståande ombord i to år. Då han endeleg kom heim, var han blitt for gamal til å få læreplass som tømmermann, slik han eigentleg hadde tenkt seg. Så han blei verande på sjøen. 

Den tredje båten hans var MS Meteor, Bergenske Damskipsselskaps cruise- og passasjerbåt. Han var kvitmalt, bygd i Aalborg i 1955 og gjekk i hovudsak på cruise i Middelhavet, Skottland og norskekysten heilt til Svalbard. Han fortel om særtrekka ved arbeidet på cruisebåt samanlikna med lastebåt, om style ved flaggheising og -firing, gangveivakt og anna. Som mannskap på cruisebåtar kjem ein mange interessante stader som ein aldri kjem til med andre båtar. 

Cruiseskip brukt som gledeshus


Helge Brudviks andre skip, MT Pollux, var resultat av ein byttehandel med Sverige i 1951/52. Noreg var i stor tonnasjemangel etter krigen. Malmoereiaren Einar Hansen fekk overta\\xA0\\\"Stella Polaris\\\", mot at Bergenske fekk overta nybygget som fekk namnet Pollux. A0
Stella Polaris vart rekna som eit av verdas vakraste skip. I oktober 1940 tok tyskarane henne til gledeshus for U-boot-mannskap i Bergen. (I videoopptaket hugsa Brudvik feil og sa at det var gamle DY \\\"Meteor\\\" som vart bytta med Pollux).
Han tok styrmannskulen i to omgangar. Det var stor etterspurnad etter andre-styrmenn sist på 50-talet, så skulen var delt i to for å få fleire klare til mønstring. Seinare seilte han i Bergenske si Scandinavian West Africa Line. Han fortel om  Kongo i tida rundt 1960, då Belgia avslutta koloniherredømet og den rikaste provinsen Katanga forsøkte å lausriva seg. Mellom, anna frakta dei kopar frå gruvene i Katanga. Han fortel også om hamnene i Angola og det tidlege opprøret mot den portugisiske kolonimakta der, og om handtering av  store teakstokkar som kvar vog mellom fem og seks tonn.

Han fortel om korleis han opplevde "palle-revolusjonen" utover 1960-talet. Det var mykje diskusjon om fordelar og ulemper - ofte tok dei last ombord med pallar, men stua om slik at dei fekk plass til meir i romet. 
Bergenske var seine med å bygga om slik at dei kunne køyra med truckar på dekk og i rom. Men dei hadde ein styrmann som var så ivrig på pallar at han fekk kallenamnet "Palle Pallesen".  Ei tid produserte Bergenske også sine eigne pallar. Sist på 1970-talet tok endeleg rederiet skrittet fullt ut, og nybygget MS Astrea fekk både palleheis og slette dørkar.  Men då var "container-revolusjonen" alt i full gang. 

Brudvik var med å ta ut MS Astrea - men så fekk han oppmoding om å gå over på cruise att. Bergenske var med i Royal Viking Line, og no ville dei ha Brudvik som staff captain på Royal Viking Sea. Han fortel om arbeidet til ein staff captain, som har meir med mannskap og besetning å gjera enn sjølve sjømannskapet.  Seinare blei han kaptein på Royal Viking Star

I starten gjekk desse båtane berre halvfulle. Det tok tid å bygga opp marknaden for cruise. Utgangspunktet var USA. Dei opererte Royal Viking Lines frå San Fransico, og dei bygde opp ulike tilbod fyrst og fremst for den amerikanske marknaden. 
I 1986 blei båtana flagga ut til Bahamas. Norsk mannskap vart bytta ut med fillipinsk, men mange av offiserane blei ståande. Brudvik blei i Royal Viking Lines heilt til slutten i 1994. Han fortel om reisemål som Pitcain Island, Påskeøya og Kapp Horn.   

Etter Royal Viking gjekk han over i det japansk eigde og amerikansk drivne rederiet Crystal Cruises.  Han begynte med å ta ut Crystal Symphony frå verft i Finland, og var seinare også på Crystal Harmony
I 2000 gjekk Helge Brudvik i land for godt. Han registrerar at det er ein veldig vekst i cruisefarten, og trur den kjem til å halda fram - viss næringa klarar å ta miljøet på alvor. Drift med tungolje i trange fjordar og hamner høyrer fortida til, seier han.

Opptaket var gjort på Bergens Sjøfartsmuseum den 12. mars 2019. Intervjuar var Bjørn Enes. Videoen er inntil vidare sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Helge Brudvik. 


Helge Brudvik:

Stikkord om innholdet i intervjuet:

(Tal til venstre er tidskoder - timar, minutt og sekund frå start. Blå tidskoder er klikkbare.

Du kan lage egne peikarar ved å erstatta timar (h), minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa:

https://vimeo.com/327897539#t=1h3m15s)

    

Utskriftsvennlig stikkordliste

'

00:00Født i Sandviken i 1938. Far hadde vore sjømann. Dro til sjøs etter realskulen, 17 år gml
00:01Mange reiste ut då dei var 15 - med eller utan mors underskrift
01:40Fyrste båt var MS Taranger, Westfal-Larsen, som hjelpegutt. Stelte for mannskap og underoffiserar
02:45Fekk seinare overføing til dekk - men gjekk ned i hyre
03:10Me var eit mannskap på over 30 mann. Båten var førkrigsbygd, tysk
03:40Gjekk i Interocean Line, frå Bergen til Vancouver - ein tur tok tre månader
03:50Gjekk ombord i Dagenham i London. Lasta bilar. Derifrå direkte til Panama.
04:20Reiste med MS Meteor til England. Mye rulling - blei sjøsjuk. Tog NewCastle- London. Blei møtt der.
05:05Dagenham var ein del av hamneområdet i Themsen, nedanfor slusene
06:20Blei ikkje sjøsjuk seinare.
06:35Forskjellige aldrar på mannskapet. Krigsseglarar kom og gjekk - ofte folk som aldri var i Noreg
Flotte foolk - mnen dei var komne litt skeivt ut
08:00Fyrste tur var flott- me såg flygefisk. Panama var fantastisk - bunkra i Cristóbal, var i land
09:00Lokale folk tok trossene i kanalen
09:35Vestkysten - Long Beach, San Fransisco, Oakland - kunne ligge to tre dagar kvar hamn
10:10Lasta ballar med mekanisk masse i Oakland
10:40McCarthytida - immigration spurte om me var kommunistar. Beskjed om å seie nei til alt
Lege kontrollerte at me ikkje var sjuke
11:35Velferd og kyrkje stelte i stand mykje i land
12:05Tre messer: Offiserar, underoffiserar og mannskapsmesse. Vår var felles for maskin og dekk
12:40Båtsmann, tømmermann og maskinassistent satt i underoffisermessa. Dei var ordensfolk.
13:30Eg hadde ni månaders kontrakt
13:45Steig i gradene til jungmann og lettmatros før eg gjekk i land.
14:25Spleising, vasking. smøring - me tok ned mesteparten av riggen når me gjekk til havs.
15:10Ein heil dags arbeid å ta dei ned og rigga dei opp att. Rutina hang att frå gamle dagar.
15:58Kontakten med offiserane var god. Dei var med på fotballkampar. På brua lærte dei oss opp
Eg lærte å ta solhøgda
16:40Forklarar korleis ein tar solhøgda og reknar posisjon.
18:30Me hadde tabellar til hjelp i utrekninga. Me målte om dagen, og rekna ut om natta.
19:15Så lenge du såg sola, var det ikkje så vanskeleg å måla. Klokkeslettet var viktig
20:09No er det ei heilt anna verd.
20:20Me hadde radiopeiling, Decca og Loran. I skumsringa og demringa kunne me ta stjernene på same måten
31:30Solhøgda var veldig viktig. Framleis tar navigatørane solhøgda av og til.
22:10Me hadde radar. Men det var styrmannen sin. Gamle kapteiner likte ikkje at me brukte han for mykje.
Det var mykje reparasjonar - lamper og komponentar. Starta berre når nødvendig.
23:40Sto ombord i Taranger i to år. Ville bli tømmermann etterpå - men var eg for gamal til å få lærekontrakt.
23:30Ut att etter eit halvt år. Tankbåten Pollux, Bergenske Dampskipsselskap. 9 månaders kontrakt
25:30Tredje båt var cruisebåten MS Meteor - den same som eg reiste med til England . Matros.
Fyrst Middelhavet - så Skottland og norskekysten - og til Svalbard
26:40Meteor var ikkje så stor - tok 250 passasjerar. Kvitmalt.
27:56Tendring - tok passasjerande i land med småbåtar. Me hadde to stykk ombord, ein dory med stålkjøl
28:00Den anbdre tenderbåten var ein livbåt.
28:30Alle passasjerane hadde felles spisesal. Mannskapet hadde mannskapsmessa (dekk og maskin)
Betjeningsmesse (hotellbetjening) og offisersmesse og salong til passasjerane
29:35MS Meteor hadde ligge i opplag i Laksevåg om vinteren, der gamle DY Meteor brukte å ligge.

Tyskerane brukte cruisebåtane til losji. "Stella Polaris" blei brukt som gledeshus. Seinare bytta mot Pollux
31:40Tankbåten var 15.000 ton. Det var stort for Bergenske. Men for losane i Karibia var det ein liten.
32:25Var på dekk på Meteor fram til styrmannskolen. Pussa mykje teak. Alltid unioform
33:05Flaggheising og -senking måttre mannskapet alltid vera med på .
33:20Dekksfolka hadde ikkje omgang med passasjerane. Offiserane blei ofte invitert - "ladies night""
34:00Meir hierarki?
Meir folk - større besetning. Meir formelt enn på lastebåt.
35:00Gangveivakt må vera pent kledd. Spersielle folk trives på cruisebåt. Meir interessante hamner
36:15Fekk høve til å koma i land på frivakt. Faste avgangstider. Flaggheising og senking - det var style
37:20Var eit halvår - så blei eg overtalt til å begynna på Styrmannskulen.
Dette året ble styrmannskulen toårig. Det var viktig å utdanna mange 2.styrrmenn. Ferdig mai 1960
38:08Reiste eit år - så tok eg andre år og skipperskulen i eitt. På Nordnes. Skikkeleg skule den gong.
40:18Eg hadde realskulen, og kunne begynne ein månad etter dei andre. Det var interessant
Nokre av lærarane blei veldig godt kjende. Ein tok oss med på taket om natta for å læra stjernebilete
42:08Lite studentaktivitet utanom skuletida. Dei fleste hadde familie eller kjærast
42:40Eg møtte min kone på Meteor. Vi seilte eit år saman etter styrmannskulen. Vest-Afrika.
43:20De siste åra har ho også vore med som passasjer.
43:50Scandinavian Vest-Africa Line, Bergenske etter strymannskulen
44:40Skifta til Crystal Cruises siste år. japansk eigd, amerikansk drive.
45:10Royal Viking flagga ut. Nå har Fred Olsen to av båtane, eit tysk rederi har ein og Holland American Line har ein
Royal Viking heldt på i tjue år. Eg var med i tolv av dei.
46:20Vest-Afrikalinja. Ned med stykkgods. Opp att med kaffe, sisal og kopar frå Katanga.
Kongo - det var FNtroppar der nede i 1960. Me gjekk opp elva til Matadi
47:30Me var i Angola og i Fransk Kongo, Point Noir, og henta svære teak logs. Stort sett i rommet.
Kvar stokk vog fem-seks tonn.
48:20Dei lokale lossarane var flinke. Når me lossa måtte me nokre gonger hiva dei svæøre teakstokkane på sjøen.
49:35Ellers kaffi og sisal i store buntar. Kopar frå Katanga. Dei ville lausriva seg - derfor blei det krig.
Ferdig raffinert kopar kom med jarnbane frå Katanga til Angola. Fine havner i Angola.
50:50Me høyrde snakk om opprør kvar dag. Dei kvite formennene gjekk med revolver. 
51:30Portugisarane var stygge med dei innfødde. Eg forstår at dei gjorde opprør.
52:05Ein tur fylte vi 900 tonn tørrfisk som naudhjelp til Kongo. Hjelpeprogram. Lossa
52:45Dei var vande med tørrfisk. Historia om taktekkiing har eg høyrt men aldri sett
53:15Då dei blei frie, kom alle i kvite skjorter som dei hadde stole i bujtikkane.
53:40Pallane kom i sekstiåra. I 1963 var eg på Delfinus. Den var bygd for å kunne ta pallar.
Hamburgruta. Kvar tur måtte me bestemma om me skulle ha pallar eller stua av.. Utan pallar fekk me plass til meir last.
54:55Bergenske lagde sine eigne pallar. Før måtte me låna pallar i Hamburg.
55:45Ein styrmann fekk tilnamnet Pallesen - han ivra for pallar på kystbåtane.
Bergenske satsa poå pallar på grunn av han. Men bygde ikkje pallebåtar - der var dei for seine.
56:40Bergenske fornya seg ikkje nok. Dei bygde mange båtar rett etter krigen - alle blei gamle på same tid.
57:25Dei skulle begynt å fornya seg tidlegare.
57:50Ei stund fekk de selt dei gamle båtane til Austen. Dei bygde MS Astrea sist på 1970-talet
Palleheis og rampe akterut og kran for containarar på dekk. I 1979. Bygd i Fosen, saman med Nordenfjeldske
59:00Eg var med å ta han ut. Det var oppsving ein periode. Så ville rederiet ha meg på cruise att.
59:30Det gikk nedover med Bergenske. Men cruisefarten heldt seg bra.
01:00:30Fyrste tur var eg staff captain - Royal Viking Sea. Panama, austkysten og rundt Sør-Amerika
01:01:44Deretter Roayl Viking Star som kaptein i -81, Middelhavet og norskekysten.
. Royal Viking Star var den fyrste som blei forlenga med 29 meter. Det gjorde dei seinare med alle
01:03:15Staff captain har vedlikehaldet og mannskapssaker - det blir alltid noe når det er 400 mannskap
01:04:00Av og til måtte avskjedige. Dette med narkotika var på sitt høgaste på den tida.
01:04:55Fyrst var det norsk mannskap og europeisk besetning i
01:05.25 Flagga ut i 86. Det blei filippinske mannskap på dekk og maskin. Nokre offiserar blei ståande.
01:06:07Dekk og maskin gjekk ned i hyre. Offiserane blei lønna omlag som før - men utan sjømannspensjon.
01:07:25Mange reiste heim. Nokre kom ombord att - dei fekk avmønstring, og så kom dei ombord att...
01:08:10Det gjekk veldig greit med fillipinsk mannskap.- dei var alle tiders. God utdanning. Mange var styrmenn
Dei var betre enn dei norske ved gangveien
01:08:50Også i dei andre besentingane blei det fleire fillipinarar etter kvart.
01:10:20"Repeaterar var nøgde når dei fann kelneren og stewardessa - dei var dei same, for dei går på prosentar ")
11:40Offiseriane hadde ofte betalt mykje inn til pensjon. Dei fekk lite igjen. Eg hadde full opptening
12:45Narkotikaproblemet var i en periode - alle skulle forsøke.
13:15Ein kelner gjekk i land i Peru og sa ja til å transportera kokain til Fort Lauderdale.
Han blei tatt i gaten. Me trudde det var planta. Vi leverte tepper til han i fengselet. Satt i eit par år -
Og blei gift med advokaten sin. Han blei visst ein halden mann. Han var greker
15:30Kapp Horn - der hadde me alltid fint vær. Gjekk innaskjærs Kapp Horn - der hadde me alltid fint vær.
16:40Det var militær signalstasjon der. Berre mannskap gjekk i land.
17:30Me var også på Pitcain Island. Doktoren skulle i land for nokon var sjuk. Eg var med i land.
. Kjøpte ei huve med Bounty på. Men det var veldig vanskeleg å gå i land. Det var veldig rød jord.
19:45Me var og såg gravplassen og skulestova. Og Bibelen frå Bounty
20:25Me var også på Påskeøya - tendring inn til land.
21:10Machu Picchu fekk eg også sett.
21:30Repeaterane er slike som kjem omatt og omatt. Dei blir alltid invitert i "Skald-party" på Royal Viking.
Dei fekk litt akkevitt. Repeaterane er viktig gruppe. Dei fleste er amerikanarar, nokre tyske og engelske
Berre 4 % av amerikanarane visste om cruise. Repetarane var viktige for å auke kjennskapen til crfuise
24:25I starten gjekk Royal Viking nesten tom på verdenscruise. Så ble det meir og meir.
25:30Juleruise frå Fort Lauderdale til San Fransico -
Innom Curacao, Cartagena Colombia, Panama City, Caldera, Acupulco
26:50Inn og ut av San Pedro spiller sjømannskirka Ja vi elsker
27:40i San Fransico var der både sjømannskyrkje og eit eige hotell for norske sjøfolk.
28:45Crystal Cruises. Begynte med byggetilsyn på Crystal Symphony i Finnland. Ferdig 1995. sto til 2000.
30:00Norske offiserar på dekk og maskin, fillipinsk mannskap og europeisk hotellbesenting.
Eigd av japansk rederi. For forsikringa sin del hadde me to japanske kapteinar ombord.
31:20Den japanske kapteinen hadde ansvar for den sida av båten som ikkje låg til kai...
32:05Vi meinte dei skulle ha ansvar for noko. Når me kom til Japan var dei viktige.
33:10Eigd japansk - drifta amerikansk. Dei som dreiv han var gamle kjende frå Royal Viking.
34:10D-dagen var eg med Harmony til Normandie.
Også battlefield cruise i Stillehavet. Okinawa - veteranar heldt foredrag ombord.
35:30Cruisefart veks veldig. Viking Sky ligg her i dag for å bytte folk - heile vinteren.
36:10For ti år sidan foreslo eg Hardanger i mai for å sjå bløming. Nei - for tidleg på året, sa rederiet.
1:37:20Torstein Hagen frå gamle Bergenske har bygd opp eit veldig imponerande rederi. Nå har dei norsk flagg.
38:10Viking Venus kjem snart. Kapteinen som tar ut dei nye kjenner eg.
38:50Dei gamle som brukar tungolje må ut av trafiukk.
01:40:10Det er tidsspørsmål før dei må kutte ut for å koma inn.
40:50El-anlegg: Utbygginga går ikkje fort nok. Og båtane må byggast om slik at dei kan ta mot straum.
42:00På Delfinus hadde me ein hjelpemaskin som heitte Bolinda berre for å laga lys - me tenkte ikkje på forureining
Framtida er å kutte forureining. Straum under land
44:16Bergens framtrid som cruiseby?
44:45Viking er jo fylt opp i USA. Tyskarane vil kanskje ut på havet, ikkje berre elvecruise.
46:28Kanhende fleire er interesserte i å gå til Fløyen eller Blåmanen. Det er mykje ein kan gjera...
Lysøen er og eit populært turistmål. Fjordturar er og ein god idé.
49:35Japanarane trur visst at dei får fornuftige born viss dei er laga under nordlyset.
50:10Det var ein stor overgang å skifta frå lastebåt til cruise. Måtte halda talar - vanskeleg før det blei vane
51:30Amerikanarane har ein voldsom respekt for offiserar.
52:20Ein tur på Royal Viking Queen - der måtte kapteinen tale på tysk. Då var det bra å ha realskulen.
SLUTT

1-2 of 2