2019‎ > ‎

Halle Thon Gundersen

lagt inn 30. apr. 2019, 06:11 av Bjørn Enes   [ oppdatert 11. mai 2019, 22:44 ]
Ha
lle Thon Gundersen vaks opp i ein familie som hadde sjøsport som hobby, og han bestemte seg tidleg for ein yrkesveg til sjøs. Som 16-.åring hadde han utvida julefeirie frå skulen, og tok jobb på TS “Leda”, fyrst som hjelpegut i byssa og så på dekk. “Båsen kurerte meg for sjøsjuka - han drog meg ut av køya, festa ein pøs rundt livet på meg, kommanderte meg i arbeid, og sa: Ikkje spy på dekk!”  

Det blei berre korte jobbar i starten, for han ville ta ei god utdanning før han gjekk til sjøs for godt. Han tok realartium, fyrstegongsteneste i 1970 og deretter Sjøkrigsskulen.

Heime på perm ein gong i 1976, gjekk han innom kontoret til Bergenske Dampskipsselskap på Bradbenken og sa at om dei hadde bruk for han var han interessert. Og ein mørk, kald vinterdag på kanonbåt på veg til Ramsund fekk han telefon: Om han kunne tenkja seg å reisa til Pireus for å mønstra som styrmann på MS “Royal Viking Star”?

Sidan har det blitt cruise for styrmann Gundersen. Då Kloster kjøpte SS “France” i 1979 fekk han jobb der, og var med på ombygging og klargjering i Bremerhaven før dei gjekk til Oslo for omdøyping til SS Norway. I 1982 avanserte han til Staff Captain der. Han ambulerte ei tid mellom Norway og “de hvite skipene”  - (”MS Southward” og “MS Starward”) før han i 1986 blei kaptein på MS “Sunward II

Der fekk han ein dag ein telefon frå rederiet - med beskjed om at heile mannskapet skulle seiast opp, bortsett frå han sjølv. Han karakteriserar utflaggingane som “noe av det minst hyggelige” i heile sitt sjøfartsliv. Sidan har han svært ofte vore einsam nordmann på dei båtane han har ført.  

I 1988 blei han bedt om å reise til Finland for å fylgje bygginga av “Royal Viking Sun”. Det skipet kjenner han så å seie frå kjølen ble strekt, (vel - dei strekker ikkje kjøl på nybygg lenger.  Skipet blei bygd i seksjonar som så blie sette saman omlag som Lego klossar) . Sidan blei han stort sett ståande ombord der. Båten skifta rederi og blei omdøypt fleire gonger, men kaptein Gundersen fylgde med.


Han er ein god forteljar, og svært mange av forteljingane han serverar i dette intervjuet handlar om Royal Viking Sun / Seaborn Sun / Prinsendam.

Men før det, på Royal Viking Star i 1977, var han med på utprøving av Magnavox satelittnavigator. Den gong var det berre seks satelittar som sende posisjonssignal, og navigatoren måtte kombinera dei med signal frå Omega-systemet. Tre sivilie skip tok del i utviklingsarbeidet, og dei var altså det eine. (Dei andre var MS "Queen Elisabeth II" og tankskipet SS "Manhattan") Han fortel om ei landing i tett tåke Jacksonville, Florida der dei for fyrste gong fann ei bøye på rein elektronisk navigasjon.

Han gir fargerike skildringar av cruiselivet, av kjende personar som har vore ombord og av hendingar og ikkje minst stader han har fått oppleve i denne spesielle formen for skipsfart. “Det er ikkje mange stader med saltvatn som eg ikkje har vore på!”

Sjå meir detaljar om enkeltforteljingane i loggen under videovindauga.


Opptaket vart gjort i Studio 1 i Bergen off. bilbiotek den 10 april 2019. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort logging og tekstarbeid.


Halle Thon Gundersen - Del 1:


Halle Thon Gundersen - Del 2

Stikkord om  innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - minutt og sekund frå start. Blå tidskodar er klikkbare. 
Du kan laga eigne peikarar ved å erstatta  minutt (m) og sekund (s) i denne nettadressa: 


0:00Familien alltid interessert i båtliv
1:05Aldri hatt sans for segling. Betre med motor
1:40Jobba på Leda som hjelpegutt i byssa som 16-åring . Sjøsjuk
3:03Dekk på Leda - båsen Kausland frå Sotra kurerte sjøsjuka
5:05Har aldri forsøkt å kurere andre med metoden (1963)
Gjekk i baren på fyrste klasse - ingen hadde sagt det var galt
8:10Kanskje det var noko gale - alle kom opp og kikka...
8:35Neste morgon - ein eldre kar så sint at han ikkje fekk fram eit ord
10:14Leda var bygd slik at ho kunne gå for full maskin i storm
11:15Gjekk vidare på skule - realartium og varneplikt i 1970 -
12:05Ville på sjøen - men ville ha utdanninga bak meg fyrst
12:20Blei lettdykkar i Forsvaret. Dykkarsertifikat nr 58. Mange gjekk til Nordsjøen
13:40Sjøkrigsskulen og hadde teneste fram til 1977 - gikk innom Bergenske
14:20Rederikontoret på Bradbenken - 1976
15:06I 1977, på ein kanonbåt på veg til Ramsund - ringte dei med tilbod om jobb i Hellas
16:44Royal Viking Star i 1977. Satelittnavigering hadde begynt - men berre seks satelittar
17:45Magnavox satelittnavigator - kompenserte manglande satelittsignal med Omega
Royal Viking var med å utvikle versjon 11.02 og 11:05 - to andre Manhattan og Queen Elisabeth II
19:50Vi fann ut at US Coastguard sine tabellar var var feil
20:36Tåke i innseglinga Jacksonville - fann bøye med rein elektronisk navigasjon.
21:45Største skip til då i flytedokk iJacksomville - måtte tømme bunkers for å koma inn
22:34Trang begynnelse på Royal Viking Star - skulle ankre i Lahaina, Hawaii
23:45Har du purra losen? "Lugarnummeret til losen som kom ombord?"
25:50"You are the pilot?"
28:14Alaska - med same skipper. Eg hadde gløymt å skru på varmen i bassenget..
30:23"Manhattan" gjekk gjennom Nordvestpassasjen med Magnavox
31:20I 1979 kjøpte Kloster SS France. Eg søkte styrmannsjobb - og fikk han.
31:47SS France var bygd i 1963 - historias lengste passasjerskip - alt var perfekt - 30 knop stort sett uansett sjø - historias peneste
35:20Kloster ville ha meg til å vikariera - mor døydde, fekk ikkje reise heim i fyrste havn. Kort etter døydde far -
37:40Var med på oppgraderinga av SS norway i 1980. Bremerhafen
38:20Profesjonelle brannfolk ombord. lettare å gjera sjøfolk av brannfolk enn motsatt
38:50Overlapping med fransk sikkerhetssjef
39:55Fekk høgdeskrekk i skorsteinen på SS Norway Bremerhaven
42:55Store ombyggingar av SS Norway - tok ut det eine av to maskinror. Bygde soldekk
44:20Olav V skulle heise FN-flagget i Oslo då båten var ferdig - "Det skal vel ikkje i gaffelen?"
45:50Stadig branner ombord - båten var ikkje ferdig - blackout fleire gonger - men til sist blei det veldig sikkert
46:40 Då me skulle gå frå dokk i Bremehaven ville inspektøren stoppe - men telefonen for ut gjennom den åpne ventilen...
48:40Staff captain i 1982, etter periode som overstyrmann.
49:00Ann Murray kom ombord for Christmas Show - helikopteret måtte landa på soldekket
50:08 Eg synger til Ann Murray - Christmas Special 1983 - på YouTube .
51:05Ambulerande staff captain på SS Norway og De hvite skipene (Starward og Southward)
51:38Fra 1986 kaptein på MS "Sunward 2"
51.50Utflagginga - telefonen: "Be gnisten om å gå ut...."
53:10Dei norske sjøfolka var profesjonelle - lærte opp dei nye, og gjekk med løfta hovud.
53:26Etterpå har eg ofte vore einaste norske ombord på skipene. 
53:50Kloster Line kjøpte Royal Viking Cruise i 1987. Eg fekk tilbod om å gå tilbake til dei gamle skipene mine
54.10Alle stader der det er saltvatn, har eg vore, stort sett.
55:20Tristan da Cunha - Med Royal Viking Sun. Berre mogleg å landa med Zodiac. Leigde dei dei hadde.
01:01:10Verdenscruise med samme passasjerar i fleire månader blir som ein famiile
01:01:40Presidenten i Royal Viking Line i San Fransisco ville ha ein kaptein i land som rådgjevar.
Jordskjelvbekymring
01:03:30Flykapring hadde begynt - Kapring av skip var venta. Eg fekk i oppdrag å læra anti-kapring av flyselskap
01:06:20i Atlanta lagde dei ein instruksjonsfilm om kapring - eg fekk rolle som federal agent.
01:07:20Filmen blei selt til alle flyselskap - flygarar over heile verda kjente meg att
01:08:39Vinteren 1988 til Turku i Finnland for å fylgje bygginga av Royal Viking Sun
01:10:00Eit heilt unikt skip - balkonger til alle lugarane i overbygget. Lite djuptgåande - god i sjøen
01:10:50Collapsable mast (nedleggbar mast) - stor nok spisesal til alle
01:11:30Skifta rederi ofte - ofte fylgd skipet over i nye rederi
01:12:08Fylgde Royal Viking Sun frå scratch og i alle år. 
01:12:581991 var vi tre kapteinar på to skip i Royal Viking Line - eg var halve tida på Sun og halve tida på Queen.
01:13:38Cunard kjøpte Sun i 1994. Eg fylgde med - gjekk på Sun og Sea Godess 2
Sea Godess var de Lux-skip - berre 100 passasjerar - men berre gangvei på styrbord side
01:14:50Brua var stappfull av folk - eg og losen diskuterte - passasjerane blanda seg inn
01:17:40Cunard kjøpte Royal Viking Line. Dei ville halda på ørna i Viking-logoen, men med Cunard-fargar
01:19:471995 - "The three captain's roadshow" - om samarbeid med British Airways og Concord,
01:24:16Ei gang i NY - radiointervju "møt i uniform" - Concord-kapteinen kom ikkje. Eg "spelte" Concord-kaptein.
01:28:20Veldig gjennomslag i media
01:29:10Vi var på kurs om korleis me skulle tackla vanskelege spørsmål på TV
01:30:201995 fekk eg tilbod om leiarjobb i eit anna rederi. Takka nei - ville vera på sjøen.
01:31:40I 1996 gjekk Royal Viking Sun på grunn i Akaba-bukta. nestenforlis.
01:34:25Det ble sveisa på ei kiste over holet i skutesida. Eg skulle ta båten til Malta for reparasjon. Hjelp av dyktig egyptisk taubåtkaptein.
01:36:40Vel ute av Suez gjekk me på ei bøye med styrbord side - hang i kista.
01:38:30To månader i tørrdokk på Malta - alt måtte ut.
01:38:50I 1999 kjøpte Carnival Corp. Cunard - Royal Viking Sun fylgde med - bytta namn til Seaborne Sun
01:39:50I 2000 vart me chartra av NBC til OL i Sidney. Me låg ved Darling Harbour
01:44:10I 2001 hadde eg Armstrong og alle tre frå månelandinga ombord. Dei var på middag på skipperlugaren
01:45:02I 2002 blei det ny dåp, og Seaborn Sun blei til Prinsendam.
01:45:50Møtet med kona, som var på cruise med foreldrene. Ho lurte seg inn på eit VIP-selskap.
01:51:49Slutt
Del 2 https://vimeo.com/333328481
00:00Om å kombinere sjømannsliv og familieliv. Harde, lange jobbeøkter og lange ferier passar meg
02:12forandringar i cruisefarten
02:20Eg fekk med den gyldne tida med Kloster i Miamai
02:45Den store forandringa var computeren ombord - i dag lever du på kontoret
03:30Det er også tort sett  helt andre folk som seglar i dag - folk som kan språk og datamaskinar
04:27Kontor-organisasjonane aukar, alle skal ha rapportar. Beslutningane blir flytta på land.
05:25Tida før computeren - da hadde du mer tid til å gå rundt med mannskap og passasjerar ombord.
6:40Eg fekk være med å bygge Royal Viking Sun og å ombygge  SS Norway - i dag har de ofte  profesjonelle site-team
8:13Avgjerdsprosessane blir ikkje uklare - men av og til byråkratiske
10:05SS France var bygget som et skip - i dag vert det bygd boksar med baug på
10:57Viking Sky: eg forsto med ein gong at ein blackout der ute - mange ville ikkje ha overlevd
11:40Livbåtane er einvegs-system. Det kritiske er å koma vekk frå skipet
12:30Årsaken er klassisk. I2015 gjekk eit skip ned av same årsak som Viking sky
14:50Då eg gjekk ut av havn, f.eks. med Royal Viking Sun, venta eg alltid med å kopla om til me var godt klar av land.
16:05Samtidig har eg gått inn mange underlege stader
17:00I Bergen gjekk eg inn i Fanafjorden for å vinke til kona.....
18:35Politiet ringte - dei hadde melding om ein båt som hadde svinga feil i Lerøyosen
20:29Kom opp Langenuen - skulle også inn for å vise huset i Fanafjorden. Så var det regatta i Korsfjorden
24:10Storm med Royal Viking Queen i Svartehavet - "to stabilisatorar og eit glas vatn til  lugaren"
25:40Mange kjente filmstjerner og musikarar ombord
27:00Grekenland 2011 - mann overbord. Berekna kor han måtte vera - sendte helikopter og fann han
30:40Sjølvmord ikkje uvanleg - skoa brukar å stå etter dei
31:12 Spesielt forhold til døden. Mange gravferder.
34:50Sør av Bermuda - fann ein drivande seilbåt - hausten etter fann me den same båten
38:20Madeira - redningsaksjon - forsikringssvindel
40:22Dei kvite båtane - Bahamas: Mannskapet fiska - Fekk hai - la han i svømmebassenget ...
42:30Dokking i Shanghai - kineser snakka norsk - passasjerane trudde me kunne kinesisk
43:40 Chief tok alltid av seg skoa når han skulle på møte
45:10Malta: Ei av jentene ombord spelte tennis - eg ba agenten om å finna ein bane til oss
48:15Montreal: Eg er dårleg i tennis -
49:10Opp Amazonas med Royal Viking Queen ....
55:57Den flotteste jenta eg hadde sett....
52:30Invitasjon til flytur over jungelen. Piloten trudde eg var flygar
55:18Ein annan flytur i Kapp Horn - med ein berømt fotograf - så eg kunne litt om å fly
57:10Brasil: Flygasren forklarte - "Si!" sa eg. Så sa han at eg fekk flyga - han gjekk til dama.
59:49Der fekk me sjå kanoane til passasjerane. Flygaren tok over - han stupte ned mot dei
01:05:24Slutt
Ċ
Bjørn Enes,
11. mai 2019, 06:37
Comments