Bli med!

Alle har ei forteljing å dela!

Verdien av forteljingane dine: 
Dine konkrete livserfaringar frå sjøfart og sjømannsliv har stor verdi, både for andre sjøfolk og for folk som aldri har vore  til sjøs.  
Du er ei primærkjelde, både til økonomisk, teknisk, sosial- og kulturhistorie.  Forteljingane dine gir "kjøt og blod" på det "historieskjelettet" som statistikkar og loggbøker kan gi ettertida. 

Memoar er ein frivillig organisasjon. Visjon vår er at me som lever no,  skal bli dei fyrste i historia som legg etter oss munnlege livsminne i massomfang. Den enklaste måten å overlevera livserfaringar på, er å la seg intervjua. Litt meir arbeidskrevjande er det å skriva sine livsminne. Me vil gjerne hjelpa til med det og. 

Forteljingar om levd liv til sjøs har stor verdi for forteljaren sin eigen familie og etterslekt, for tidlegare skipskamaratar og folk som har sigla på tilsvarande skip eller fart. Dei har og stor verdi for folk som sjølve ikkje har vore til sjøs. Norsk kultur og norsk språk er så prega av sjøfarten, at ein knapt kan forstå det, utan å kjenna til livet på sjøen. I dag er det få som sjølve får slike erfaringar - og desto viktigare bvlir forteljingane. 

Men den største verdien ligg nok i framtidige forskarar, forfattarar eller etterkomarar sitt tilfang av kjelder om korleis det var å leva io vår tid, og korleis me fortalde om det til kvarandre. 

Slik kan du bli med: 
Kom til intervju: Ta kontakt med Memoar på post@memoar.no og be om å bli intervjua. 
Skriv gjerne kort om kva slags fart du har vore i og kva du har seilt eller arbeidd som.  
Bur du i eller kan du enkelt reisa til Bergen, får du ein invitasjon til intervjustudio i Bergen Bibliotek så snart ein av våre frivillige har tid.  
Bur du andre stader i landet, vil du bli lagt inn i planane for arbeid med ynskjer å+ organisera eller samarbeida med andre om rundt i ladet. 
(Me arebeider for å kunna tilsetja folk som kan gjera dette på full- eller deltid. Får me det til, vil køen bli vesentleg kortare)

Få andre til å koma til intervju: Det einaste marknadsføringsapparatet me har er "jungeltelegrafen". Derfor vil me gjernme at du fortel om oss til andre som har viktige ting å fortlja, om i intervju. De dei ta kontakt! 

Meld deg inn i Memoar:  Me treng heile tida  nye intervjuarar, og folk som kan vera med på anna praktisk eller teoretisk arbeid: Me organiserer kurs, opplæring og erfaringsutveksling så ofte me kan. Me forsøker å bygga opp eit aktivt miljø av folk som deler interessa for munnleg historie og immateriell kulturarv. Meld deg inn her :-)

Vipps #118993
Bank:  3633.5541086
Støtt oss økonomisk:
Me vil gjerne bygga opp ein liten, profesjonell stab som kan sikra kvalitet og kontinuitet i det friville arbeidet for å samla inn, dokumentera, arkivera og formidla munnleg historie om norsk sjøfart. Me søker stadig både offentlege og private midler for å få til det. Me vil helst at det ikkje skal kosta noko å bli intervjua og bli "avlevert til museum". Men me tar veldig gjerne i mot eingangsstøtte eller regelmessige bidrag - også frå privatpersonar! 

Comments