Forteljarane 2

Alle har ei forteljing å dela.  Og både samtid og ettertid har bruk for desse forteljingane.  Dei er ei viktig kjelde til kunnskap om den tida me lever i - og for framtida er det ei uvurderloeg kjelde til kunnskap om historia. 

Memoar fylgjer det prinsippet at det fyrst og fremst er forteljaren som har opphavsretten til dei opptaka som fylgjer under her. Det er ho/hansom har skapt innhaldet. Intervjuaren har også bidratt, og spørsmålet om korleis intervjuet skaqlkunne brukast, er avgjort i form av ein avtale mellom dei to. Standard avtaletekst kan lastast ned her. 

Forteljingane er frie ytringar. Forteljaren bruker sin ytringsfridom til å gi sin versjon av det ho/hanhar opplevd og/elloer vore vitne til. Dei forteljingane som er publisertenedanfor her, er alle publisert av Memoar etter avtale med forteljaren og intervjuaren. Memoar har brukt sin rett til å vurdera om dei frie ytringane inneheld noko som strir mot god presseskikk eller norsk lov. I så fall er det klipt bort i publiseringsversjonen. Også det 
er gjort etter avtale med forteljaren. 

Både publiseringsversjon og originalopptak skal avleverast til offentleg arkiv. Då Memoar starta opp, var der ingen arkiv som hadde infrastruktur og kompetanbse til å ta imot munnlewg kjeldemateriale i form av videoopptak. Hausten 2017 er dette enno ikkje avklart.  Fram til avlevering er gjennomført, vert materialet arkivert i Memoar sitt arkiv i nettskya. For spørsmål - kontakt post@memoar.no


Undersider (1): Kjersti Selvik Wengshoel
Comments