Forteljarpanel‎ > ‎

Cruise

12. mai 2019: Nytt forteljarpanel på Bergens Sjøfartsmuseum

Søndag 12. mai 2019  møttest fem veteranar frå norsk og internasjonal cruisefart til samtale om denne delen av nyare sjøfartshistorie.  Dei var alle tidlegare intervjua i serien som Bergens Sjøfartsmuseum, Bergens Skipperforening og Memoar arbeider med for å samle munnleg kjeldemateriale om nyare sjøfartshistorie. Samtaleleiar var Bjørn Enes frå Memoar.
DY "Meteor" var fyrste cruiseskip i Bergenske Dampskibsselskap - frå 1921.


Dei fem var:
Arnhild Vada Eggum, purser, fartstid bl.a. frå Hurtigruten  
Sigurd Skagen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå Den norske amerikalinje 
Per Gustav Steimler, sjøkaptein, fartstid frå bl.a. "Lindblad Explorer"
- Halle Thon Gundersen, sjøkaptein, fartstid bl.a. frå SS "Norway" 
- Helge Brudvik, sjøkaptein, fartstid frå Royal Vikiing Line og Crystal Cruises .
(Der videoen er sperra med passord avventar vi publiseringsgodkjenning frå forteljaren) 



Arnhild Vada Eggum om "Nordlys":



Sigurd Skagen - Om Amerikalinjen


Per Gustav Steimler om Lindahl Explorer:

Helge Brudvik om Royal Viking Lines:

Halle Thon Gundersen om SS Norway:



 
Tidslinjer:

1972: Royal Viking Line etablert - Warren Titus president. 
1972: "Royal Viking Star", Bergenske Dampskipsselskap,  ferdig  på det finske verftet Wärtsila Helsinki  
1973: "Royal Viking Sky", Nordenfjeldske Dampskipbsselskap, verdig samme verft 
1973: "Royal Viking Sea", Klaveness  Co, Oslo, samme verft. 

1979 - Kloster kjøpte SS France, bygde om frå atlanterhavstrafikk til cruiseskip. 

1980 - Torstein Hagen tok over som GEO i Royal Viking Lines. Alle tre skip i Royal Viking blei forlenga med 93 fot (28 meter). (RV Star i -81, Sky i -82 og Sea i -83)

1984 - Norwegian Carribean Line NCCL (Kloster) kjøpte Royal Viking Lines.  

1987 - Warren Titus gjekk over til Seaborne i 1987.

1988 - NCCL bygde eit fjerde skip - Royal Viking Sun i Turku, Finland. 

1990/91 - Omorganisering i NCCL, Kloster etablerte rederiet Norwegian Cruise Line (NCL), flytta "Royal Viking Star" og "Royal Viking Sky" dit og døypte dei om til "Westward" og "Sunward". Omlag samtidig etablerte dei redieriet  Royal Cruise Line. "Royal Viking Sea" vart flytta dit, om omdøypt til "Royal Oddyssey". 

1992 - NCCL bygde eit femte skip - "Royal Viking Queen". Det var operert saman med Seaborne Cruise Line og de to tvillingskipa "Seaborne Spirit" og "Seaborne Pride" 

1993 - "Westward" (opprinneleg "Royal Viking Star") vart flytta over i Royal Cruise Line om omdøypt enno ein gong, no til "Royal Oddysey". 

1994 - "Royal Viking Queen" vart flytta over i Royal Cruise Line og omdøypt til "Queen Oddysey".  

1994 - Royal Viking Line vart oppløyst. "Sunward" (opprinneleg Royal Viking Sun") vart selt til Cunard Cruise Line saman med Viking-merket . Seinare vart Cunard slått saman med Seaborne.

1997 - Torstein Hagen etablerte Viking River Cruises med fire russiske elvebåtar. 

2000 - Viking River Cruises kjøpte europeiske KD River Cruises og auka flåten til 26 skip. 

2004 - Viking utvida til elvecruise i Kina (Yangtse)

2011 - Viking innleidde storsatsing  med tung marknadsføring og auking av flåten med 40 nye skip. I 2017 hadde flåten vakse til 62 elvecruisebåtar.  

2013 - Viking etablerte divisjonen Viking Ocean Cruises 

2015 - Viking Cruises fyrste havgåande skip blei døypt "Viking Star" i Bergen, 17. mai  2015.  (Ordførar og havnesjef vart avsette og etterforska for korrupsjon etterpå. Ingen vart tiltalt). 

2016 - 2019: Fem  nye skip blei bygd og sett i trafikk: "Viking Sea" (2016), "Viking Sun" (2017) og "Viking Sky" (2017), "Viking Orion" i 2018 og "Viking Jupiter" i 2019. 

  







 
Tema som (kanskje) høyrer med: 
  • Viking Sky - kva tenkte paneldeltakarane dei dagane?
  • Maskin: Overstyrer programvare sjømannskapet?
  • Bergenske cruisetradisjonar
  • Amerikalinja - og konkurransen frå fly
  • Tidleg cruise-kultur" - ("Explorer's Club")
  • Frå up-market til massemarknad? 
  • Royal Viking Lines 
  • Utflaggingane 
  • Offiserstradisjonar - hovud utan kropp? 
  • Torstein Hagen og ny æra? Jantelov? 
  • Skipsdåpen på 17.mai 
  • Cruisebyen - og cruisefjordane?
  • Framtifd? 
Skip og reiarlag som må omtalast:

Viking Sky 
BDS 
Meteor (gamle) - Meteor (nye)
Stella Polaris 
Venus 
Leda 
Comments