Forteljarpanel‎ > ‎

Okt. 2017: Etter gullalderen

lagt inn 28. apr. 2018, 02:33 av Bjørn Enes   [ oppdatert 7. mai 2018, 09:12 ]
I siste halvdel av 1960-åra tok sysselsetjinga i sjøfarten til å minka. Rasjonalisering var blitt eit ny-ord. Tid og pengar var blitt det grunnleggjande reknestykket. Snart kom oppfinningane på rekke og rad som gjorde arbeid og drift meir effektivt: Europpallar, containerar, ro-ro-skip, automatisering i maskinrommet, baugthrustar og nye navigasjons- og sikkerheitssystem – for ikkje å snakka om jarnkua og alt som fylgde i stuerten sitt ansvarsområde.

Omlag på same tid tok det norske lønsnivået att canadarane og amerikanarane. Utflagging vart ein måte å spara store pengar på for reiarane. Og så tok «gullalderen» slutt.

Men sjøfartshistoria tok ikkje slutt. Tvert om: Med gode grunnar spør mange seg om korleis Noreg ville ha sett ut i dag, om ikkje sjøfolka sine kompetansar og tradisjonar hadde blitt «frigjort» og tilgjengelege for andre verksemder enn handelsflåten.

Sundag 29. oktober 2017  fortalde fire veteranar om sine sjøfartsliv etter gullalderen. Det hadde dei alt gjort tidlegare. Dei fire var: 

Per Gustav Steimler  – styrmann i handelsflåten, gjekk over supplyfart i Nordsjaøen (kaptein frå i 1977). Seinare Maritim inspektør i Hydro – og etter det oljevernkonsulent.   Sjå intervju her

Ragnar Nielsen - navigasjonsoffiser i Sjøforsvaret. Seinare gjekk han over i kommersiell og operativ drift og leiing av ulike norske reiarlag. Siste del av arbeidslivet bygde han opp og var leiar for ei norskeigd reiarorganisasjon i Singapore, parallellt med at han var leiar av  shipping aktiviteten i eit tidlegare norskeigd reiarlag i Thailand

Egil Røstvær –  styrmann, gjekk over i skipskonstruksjon, deretter tekniske sikkerhetssystemer  og kvalitets- og HMS ledelse i petroleumssektoren.

* Tom Grasbakken  – kaptein, gjekk over i berging. Seinare tok han del i  ulike forsøk på hurtigbåtdrift, mellom anna  internasjonale oppdrag med utanblandske mannskap. Han var krigseglar under Iran-Irakkrigen.    Sjå intervju her


Forteljarpanelet fekk brei førehandsomtale i Bergens Tidende

https://sites.google.com/a/memoar.no/sjoefart/forteljarpanel/okt2017ettergullalderen/2017-10-21-BT-Folk.jpg?attredirects=0




ą
Bjørn Enes,
28. apr. 2018, 02:56
Comments