Om prosjektet


Om prosjektet

Prosjektet "Sjøfartsminne" er eit samarbeid mellom Memoar, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening. 

Det fyrste året har det blitt samla inn 12 grundige intervju om livet til sjøs.

Frå nå fram til desember 1919 er målet å bygge opp ei samling på minst 75 grundige forteljingar frå fyrstehands kjelder om livet til sjøs og på land i Bergensk og vestlands sjøfartsnæring. 


I oktober 2015 tok Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum til å samle inn munnlege forteljingar frå norske sjøfolk.  Dette er viktig kulturarv. Det er verdfiult dokumentasjonsarbeid for framtidige forskarar, kunstnarar - og etterkomarar. Det er ein botnstokk i den norske identiteten. Og ikkje minst: Minnedeling er rike kulturopplevingar, både i godt lag og gjennom sosiale media. 

I november etablerte me innsamlinga av sjøfartsminner som eit prosjekt med eigne prosjektsider - sjå meir om prosjektet på adressa inviterar me ABM-institusjonar, sjømanns- og skipperforeiningar, reiarlag og investorar med på samarbeid.  Dette er nokre smakebitar frå starten:





Promo - minnesamling om sjøfart:

 



Minneopptaka er forteljaren sin eigendom. Kvar forteljar vert oppmoda om å dele (publisere) forteljingane sine. Etter kvart som dei gjer det, vil forteljingane bli publiserte her. Memoar lagar også ei eiga side for kvar forteljar, der dei kan legge mer innhald, fleire opptak, fotografi, artiklar etc, 

Adressa til desse sidene står som "Les meir" under kvar video. 

Ta gjerne kontakt for å avtale minneopptak: Post@memoar.no   

Ver OBS på at også Folkemuseet/Norsk etnologisk gransking samlar minnetekstar frå sjøfolk - sjå  Folkemuseet sine sider.  









Undersider (1): Prosjektplanen - 2015
Comments